Lignende stillinger
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
. Video: https://youtu.be/vtJLmcUJ3-wVed Kjemisk Institutt, Universitetet i Bergen er det ledig ei stilling som stipendiat i kjemisk medisinsk teknologi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmandearbeid (til dømes undervisning).
Stipendiaten vil være ein del av Forskningsgruppen for kjemisk medisinsk teknologi ved Kjemisk institutt, Universitetet i Bergen. Forskningsgruppa samarbeider tverrfagleg med forskarar ved Haukeland universitetssjukehus og Høgskulen på Vestlandet.
Det tverrfaglege samarbeidet fokuserer blant anna på utvikling av betre diagnostiske metodar basert på MR-avbilding (MRI). Stipendiaten vil arbeide på eit prosjekt omkring utvikling av metodar basert på diffusjonsvekta-MRI for karakterisering av mikrostrukturar i hjernen. Desse metodane har eit stort potensiale innan forbedra bildediagnostikk basert på MRI.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
Om stillinga som ph.d.-stipendiat
Stipendperioden er på 3 år, med opning for eit 4. år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit 4. år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare25 % av tida kvart år.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga
Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til førsteamanuensis John Georg Seland, Kjemisk institutt, Universitetet i Bergen (Epost: [email protected], telefon: +47 92437851) eller instituttleder Magne Sydnes (epost: [email protected]).
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med Anna Folgerø (epost: [email protected]).
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5