Lignende stillinger
Stillinga er i 3- delt turnus med arbeid kvar tredje helg eller langvakter kvar 4. helg. Me arbeider etter årsturnusprinsippet som sikrar føreseieleg arbeidstid for tilsette og kontinuitet for våre brukarar.
Kommunen er liten men tenkjer stort, og bygger nye og moderne lokale med sjukeheim, lokale til heimetenester, psykiatri, psykolog, institusjonskjøkken, dagtilbod, rehabilitering og omsorgsbustader. Bli med på spanande framtidsretta utvikling i kommunen!
Heimebaserte tenester yter tenester til alle typer pasientgrupper, og jobbar mellom anna med demensomsorg, behandling retta mot kroniske, somatiske tilstandar, sårbehandlingar, avansert lindrande behandling og mykje meir.
Heimesjukepleietenesta jobbar tett saman med bu- og miljøtenesta, og det er tett samarbeid mellom sjukeheim, heimetenestene, psykiatri/rus og rehabiliteringsavdeling.
Me søkjer helsefagarbeidarar som ynskjer å arbeide med pasientomsorg til brukar/pasient på eig god måte, og yte tenester av høg kvalitet.
Krav til kompetanse:
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vik kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ikkje ynskjer at namnet ditt skal offentleggjerast, må du grunngje dette i søknaden.
Alle søknader på ledige stillingar i Vik kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp med søknaden, kan du ta kontakt på tlf. 57 69 82 00.