Lignende stillinger
Kom å bli med oss på laget!
Vi søkjer ein engasjert kollega til utfordrande arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø.
I sengepost er det tredelt turnus med 3. kvar helg og ved infusjonspoliklinikken er det dagarbeid.
ANRR sengepost – avdeling for Nevrologi,revmatologi og rehabilitering skal hausten 2024 flytte til flott nytt bygg med einerom til alle våre pasientar. Vi ser fram til nye moderne lokaliterar med stor entusiasme. Dette håper vi at du også vil bli med på.
Den nye sengeposten vår skal bestå av 14 nevrologisenger, der to av desse vert overvakingssenger for slagpasientane i akuttfasen. Rehabilitering er eit satsingsområde og vi jobbar mot å tilby 8 senger for spesialisert rehabilitering. Eksempel på type rehabilitering kan vere etter gjennomgått hjerneslag, traumer, opptrening etter amputasjon.
Resterande senger i etasjen vil nyttast som utlokaliserte senger frå andre sengepostar. Det kan vere pasientar tilknytta kirurgi og kreft, men også andre fagfelt.
Infusjonspoliklinikken er i dag ein pilot mellom nevrologisk poliklinikk og revmatologisk poliklinikk. Stillinga tilknytta infusjonspoliklinikken vil også kunne opnast opp for arbeid ved nevrologisk poliklinikk.
Nevrologisk poliklinikk består i dag av blant anna; klinisk nevrofysiologi med undersøkingar som EEG, VER, NCV/EMG. Det er stort fokus på fagleg kompetanse og har sjukepleiarar med fagansvar knytt til spesifikke diagnosar som til dømes MS, Parkinson, Hjerneslag og Epilepsi.
Kombistilling mellom sengepost og poliklinikk byr på ein fin variasjon i arbeidsoppgåver, miljø og pasientar.
Vi ønsker deg velkomen som søkjar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no . Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet ). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.