Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Stillingsannonsen er inaktiv

Rådgivar statistikk og analyse

Møre og Romsdal fylkeskommune

KRISTIANSUND N, 6509 KRISTIANSUND
Annet
Offentlig
Heltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

Rådgivar statistikk og analyse
Samferdselsområdet, Møre og Romsdal fylkeskommune

Stillinga er plassert i kollektivavdelinga FRAM som er Møre og Romsdal si merkevare for kollektivtrafikk. Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for 20 fylkesvegferjesamband og 4 hurtigbåtsamband, og det blir produsert om lag 20 millionar rutekilometer med buss kvart år.  

Stillinga er særs viktig for at FRAM skal gjere dei rette tiltaka til rett tid med rett kvalitet. Som rådgivar vil du arbeide sjølvstendig med arbeidsoppgåver innan kollektivtransport. 

Du vil utføre analyser som andre bestiller frå oss, og samtidig må du sjølv ta initiativ til utgreiingar. Arbeidet du bidrar  
med skal skape innovasjon og utvikling av tenestene våre. 

Kontorstad for stillinga er fortrinnsvis Campus Kristiansund, men med moglegheit for kontrostad i Molde dersom det skulle bli aktuelt

Arbeidsoppgåver
Analyser, utgreiinger og forvaltning av data innan kollektivtransport:  
  • analysere passasjer- og inntektsutvikling i eksisterande kontraktar 
  • utarbeide prognoser for komande kontraktar for buss, båt og ferje 
  • uttrekk, analyse og samanstilling av tilgjengelege data 
  • produksjon av statistikk  
  • kvantitativ og kvalitativ analyse 
  • formidle statistikk og innsikt gjennom å lage rapporter og analyser 
  • produkteigar for datavarehuset til FRAM 
Kvalifikasjonar
  • høgare utdanning innan relevante fagområde, der kombinasjon frå desse områda er særskilt interessant: samferdselsplanlegging, transportøkonomi, statistikk og analyse.  
  • fleire års relevant arbeidserfaring med statistikk og analyse, og solid metodekompetanse 
  • gode analytiske evner  
  • god norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne  
Det er ein føresetnad at du har tung erfaring og at du kan vise til at du er spesielt god i dette faget.  
Det er ein fordel om du har erfaring med modellering, utarbeiding av prognoser og handtering av store datasett.  

Stillinga krev at du kan samanstille og analysere tilgjengelege data, gjennomføre analyser som er både kvalitative og kvantitative, og at du tar initiativ til samarbeid med andre, både internt og eksternt.

Personlege eigenskapar
Du:  
  • Er strukturert 
  • Har stor arbeidskapasitet og god gjennomføringsevne 
  • Tar lett initiativ 
  • Er god til å samarbeide med andre   
  • Trivst i rolla som formidlar og snakkar enkelt om komplekse saker og statistikk med andre 
  • Er sjølvstendig og evner å prioritere mellom oppgåver  
Personlig egnethet vil bli vektlagt.

Vi tilbyr
  • eit aktivt og engasjert fag- og arbeidsmiljø 
  • ein arbeidsplass som legg til rette for fleksibilitet i arbeidskvardagen 
  • god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling 
  • offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring 
  • løn etter avtale   
Søk på stillingen via “søk på stilling” knappen på denne siden