Lignende stillinger
Stord vidaregåande skule er ein kombinert skule med studieførebuande og yrkesfagleg utdanning. Skulen
ligg sentralt i regionssenteret Leirvik. Totalt har skulen om lag 850 elevar, fordelt på
utdanningsprogramma Idrett, Medium og kommunikasjon, Musikk, dans og drama, Studiespesialisering,
Bygg- og anleggsteknikk, Elektro og datateknologi, Teknologi- og industrifag, Sal, service og reiseliv,
samt Informasjonsteknologi og medieproduksjon. Vaksenopplæringa i Sunnhordland er knytt til skulen og
me har kursverksemd i forskjellige fag.
Stord vidaregåande skule skal skuleåret 2025/2026 ta i bruk nye og moderne skulebygningar. Skulen har høge ambisjonar for elevane si læring og eit engasjert personale arbeider for å skapa eit trygt læringsmiljø. Skulen legg vekt på samarbeid med lokalmiljø, arbeidsliv og grunnskular. Me er knutepunktskule for spesialundervisning i Sunnhordland og tilbyr undervisning i tilrettelagte grupper.
Skulen har ein stab på 7 personar. Me har ledig ei stilling i 80-100% . Om du er glad i å yta god service, og vil vera vårt nye ansikt utad - då er det kanskje deg me er på jakt etter.
Krav til søkjar:
Ynskjeleg:
Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggja fram politiattest. Alle nytilsette i VLFK har ei prøvetid på seks måndader. I VLFK nyttar ein nynorsk som språkform.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova §25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.