Lignende stillinger
Me har ledig ei spennande stilling som teknisk byggjeleiar for drift av tunnelar i område i Rogaland i seksjon Drift vest 3. Seksjonen har driftsansvar for ei rekkje tunnelar, kor fleire er undersjøiske.
Som teknisk byggjeleiar tunneldrift vil du planleggja og følgje opp tunneldrifta med fokus på teknisk kvalitet av reinhaldet, vatn og avløpsanlegg med sedimentasjonsbasseng, reparasjonar på konstruksjonen (velv, vass- og frostsikring) m.m. Vidare skal du planleggja og sørgja for god gjennomføring av kontrakt saman med byggjeleiar og entreprenør, herunder leie byggjemøter, arbeidsmøter med fleire. Du vil også ha ansvar for oppføljing av økonomi, handtering av avvik, tillegg og endringar. Rolla er eit knutepunkt for tunnellforvalter, brannvernsleiar og dessutan driftskontraktane og entreprenørane deira.
Dei mest sentrale arbeidsoppgåvene vil vidare vera:
Du må pårekne kvelds og nattarbeid.
Stillinga har kontorstad Stavanger eller Haugesund.
Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, tilrår me ei autorisert omsetjing av papira og godkjenninga dine frå NOKUT (www.nokut.no).
Personlege eigenskapar
Me ønskjer ein person som er særleg god på samarbeid og samspel, då oppgåvene i stor grad samvirker med andre. Me ser etter deg som har evne til å arbeida både strukturert og sjølvstendig. Er du god på å ta initiativ, og er resultatorientert, vil du passa godt til stillinga som teknsik byggjeleiar tunnel. Personlege eigenskapar vil vektleggjast.
Føler du at skildringa over treffar deg, så ønskjer me at du tek kontakt. Me kan lova deg mange spennande arbeidsoppgåver og eit levande og godt arbeidsmiljø som er i utvikling.
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.
Vi tilbyr deg også desse goda:
Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.
Krav til søknaden
Fyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.
Positiv særbehandling
Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer ein inkluderande arbeidsplass. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkja. Kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn vil få moglegheit for positiv særbehandling. Les meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.
Søkjarlista er offentleg
Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.
Har du spørsmål om stillinga?
Ta kontakt for ein hyggjeleg prat med seksjonsleiar Morten Hage på telefon 95128363