Sotra vidaregåande skule er ein kombinert skule med ni ulike programområde innan yrkesfag og studiespesialisering. Vi har i dag to skulestadar, ein på Bildøy og ein i Skogsvåg, med 800 elevar og 150 tilsette. I tillegg er vi vaksenopplæringssenter for Askøy og Øygarden, med ca. 150 vaksne elevar på ulike program.
Skulen legg vekt på å vere nyskapande og berekraftig. Vi har som mål at alle elevane fullfører skulegangen med eit høgt læringsutbytte. Skulen er eit inkluderande fellesskap der alle medverkar til fagleg og sosial utvikling. Vi har eit godt læringsmiljø der elevar og tilsette samarbeider om å skape ein læringsarena basert på tillit og respekt for kvarandre.
Vi søkjer etter lærar i helse og oppvekstfag til eit vikariat i skuleåret 25/26, i 70% stilling, men med mogleg auke til 100%.
Arbeidsoppgåver
- Praktisk og teoretisk undervisning innan fagområdet helse og oppvekstfag.
- Tett oppfølging av einskilde elevar og opplæringsbedrifter.
- Skape og utvikle opplæringa i samarbeide med elevar, kollega og skuleleiing.
- Halde seg informert om utvikling i bransjen, samt ha god kontakt med bedrifter.
- Arbeide systematisk for at elevane skal lære, fagleg og sosialt òg for at dei skal få læreplass.
Kvalifikasjonar
- Relevant fagbrev eller høgare utdanning.
- Yrkeserfaring frå helse- eller oppvekstsektoren.
- Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse.
- 2-årig fagleg teoretisk utdanning utover fagbrev og praktisk pedagogisk utdanning, eller godkjent yrkesfaglærarutdanning.
- Undervisningserfaring er ønskjeleg, men ikkje eit krav.
- Gode IKT kunnskapar generelt og fagleg.
- Kommunisere godt på norsk munnleg og skriftleg.
- Det vert vektlagt at søkjar er personleg eigna til stillinga.
Personlege eigenskapar
- Vi ønskjer søkjarar med eit positivt syn på elevar, som er tydeleg vaksen og som er ein god rollemodell for ungdom.
- Du har stort engasjement for faget.
- Du bidrar til elevanes faglege og sosiale utvikling.
- Du er fleksibel og ser moglegheiter.
- Å vere eigna for arbeid med ungdom vil bli tillagt stor vekt.
- Du har gode ferdigheiter i kommunikasjon og relasjonsbygging, både overfor elever og andre samarbeidspartar.
Vi tilbyr
- Løn etter kvalifikasjonar.
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
- Inkluderande og godt arbeidsmiljø.
- Gode moglegheiter til eigen læring og utvikling.
- Ein ambisiøs, nyskapande og berekraftig arbeidsplass.
- Trimgrupper for tilsette.
Andre opplysningar
- Den som tilsetjast må legge fram politiattest.
- Dersom formell undervisningskompetanse manglar, kan skulen legge til rette for å ta manglande teoretisk utdanning. Tilsetting kan skje på vilkår av at manglande fagleg og pedagogisk utdanning blir tatt.
Kontaktinformasjon
Irene Tellnes Eide, avdelingsleiar, 93229124
Erik Henneli, Assisterande rektor, 95826077
Olav Lee, rektor , 93034370
Arbeidsstad
Finkelhølsvegen 10
5382 Skogsvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 4954355339
Stillingsprosent: 70%
Vikar
Startdato: 01.08.2025
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 08.05.2025