Vi har ledig fast 100% stilling som tannhelsesekretær ved distriktstannklinikken Ørsta.
Arbeidsoppgåver
- Varierte kliniske arbeidsoppgåver med alle pasientgrupper, også vaksne betalande pasientar.
- Hygieneansvar og smittevernoppgåver.
- Administrative oppgåver knytte til timebestillingar, journalsystem og pasientkontakt.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som tannhelsesekretær.
- Søkarar utan autorisasjon kan bli vurdert for tilsetting i stilling som assistent (st.kode 6572) dersom vi ikkje har kvalifiserte kandidatar med gyldig autorisasjon som tannhelsesekretær.
- God kommunikasjonsevne på norsk/skandinavisk, både munnleg og skriftleg.
- Den som blir tilsett må levere politiattest.
- Forståing for det helsefaglege samfunnsoppdraget, kvalitetssikring og pasientsikkerheit.
Personlege eigenskapar
- Trivst med å jobbe med og for mennesker.
- Jobbar effektivt og sjølvstendig.
- God samarbeidsevne, er serviceinnstilt og løysingsorientert.
- Ønsker å bidra til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø.
Vi tilbyr
- Ein god jobb der du kan utvikle deg
- Lønn etter tariffavtale
- Eit fagleg nettverk med påfyll av kompetanse
- Trivelege medarbeidarar og godt miljø
- Introduksjonsprogram for alle våre nye kollegaer
- Ein stor og solid organisasjon i ryggen og leiarar som heier på deg
- Trygge pensjons- og forsikringsordningar (gjennom KLP)
Anna
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss.
Den som vil bli tilsett må levere politiattest
Kontaktinformasjon
Hege Myklebust, Overtannlege Søre Sunnmøre kompetanseregion , 90869869
Arbeidsstad
Ivar Aasen-gata 18
6153 Ørsta
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune
Referansenr.: 4914576855
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.02.2025