Lignende stillinger
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Universitetsmuseet i Bergen har forsking, samlingsforvaltning og formidling som kjerneoppgåver. Museet har fagfelta antropologi, arkeologi, kunst- og kulturhistorie, botanikk, geologi og zoologi. Til museet ligg òg ansvaret for utgravingsverksemda i medfør av Kulturminnelova med forskrifter, samt for Arboretet og to botaniske hagar. Universitetsmuseet har omfattande vitskaplege samlingar og er ein sentral arena for forskingskommunikasjon for UiB. Museet har om lag 155 årsverk fordelt på om lag 200 tilsette. Nærare informasjon om museet: https://www.uib.no/universitetsmuseet
Forskingsseksjonen er ei eining under Avdeling for kulturhistorie. Avdelinga har 29 fast tilsette (14 vitskapelege stillingar, 15 tekniske/administrative stillingar). I tillegg kjem eit varierande tal mellombels tilsette, inklusive 4 stipendiatstillingar på åremål.
Ved Forskingsseksjonen, Avdeling for Kulturhistorie ved Universitetsmuseet i Bergen er det ledig ein Ph.d. stipendiatstilling med tiltreding så snart som mogleg. Frist for søkjarane er 15. januar 2025. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år som inkluderer 25 % pliktarbeid.
Universitetsmuseet i Bergen har forvaltningsansvar for arkeologiske funn og bergkunstdokumentasjon frå Sunnmøre og Vestland fylke. Museet sine arkeologiske samlingar består av gjenstandar frå dei første steinaldermenneska busette seg langs vestlandskysten fram til og med mellomalderen då Bergen var blitt ein av dei største internasjonale handelsbyane i Norden. Mellom desse to ytterpunkta i tid kastar desse kjeldene lys over kulturell, teknologisk og samfunnsmessig utvikling gjennom fleire tusen år, med Vestlandets mangfaldige landskap som arena. I tillegg til gjenstandsmateriale inneheld samlingane eit stort arkiv- og fotomateriale med dokumentasjon frå arkeologiske undersøkingar utført gjennom dei siste 150 åra.
Det er ein føresetnad at søkjaren sjølv definerer sitt prosjekt innafor arkeologifaget der Universitetsmuseet sine arkeologiske samlingar skal brukast. Prosjektet vil verte vurdert i lys av forskingskompetansen ved Forskingsseksjonen. Sjå heimesider for oversikt over potensielle rettleiarar og forskingsområde: https://www.uib.no/kulturhistorie/73639/forskningsseksjonen
Hovudrettleiar vil vere fast tilsett arkeolog ved Forskingsseksjonen. Søkjarar må ha etablert kontakt med ein rettleiar før ein søkjer på stillinga, og søknaden skal innehalde ei stadfesting frå denne rettleiaren. Rettleiar sitt namn skal komme tydeleg fram av søknaden.
Ved vurdering av søknadene blir det lagt vekt både på den vitskaplege kvaliteten i prosjekta og dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane. Ved tilnærma like kvalifikasjonar mellom dei rangerte søkjarane, vil det bli lagt vekt på fagstrategiske omsyn, motivasjon og kor personleg eigna søkjarane er.
Søkjarar vil bli vurderte etter opptakskrav frå Ph.d.-program ved Det humanistiske fakultet:
Ph.d.-utdanning ved Det humanistiske fakultet | Det humanistiske fakultet | UiB
Om stipendiatstillinga:
Stipendiatstillingar har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for
sjølvstendig forskingsverksemd og for anna arbeid i samfunnet som krev særleg kompetanse.
Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid knytt til musealt arbeid, formidling og administrasjon. Plan for denne delen av stillinga blir avtalt med rettleiar og instituttleiar ved tilsetjing.
Tilsetjing i stipendiatstilling krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Forskingsseksjonen, Avdeling for Kulturhistorie, Universitetsmuseet i Bergen og rettar seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.
Om forskarutdanninga:
Stipendiatar skal delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.-grad innanfor ei tidsramme på 3 år, som mellom anna inneheld ein opplæringsdel på 30 studiepoeng, krav til årleg framdriftsrapportering og ein midtvegsevaluering halvvegs i stipendiatperioden.
Vedlegg:
Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format og må lastas opp i Jobbnorge innan søknadsfristen.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Instituttleiar Björn Nilsson, tlf. +47 412 46 913, e-post: [email protected]
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stillinga.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.