Lignende stillinger
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Ved Centre for the Science of Learning & Technology (SLATE), Det psykologiske fakultet, er det ledig ei stipendiatstilling i kunstig intelligens - syntetisk datagenerering, med særleg vekt på personvern, databeskyttelse og pålitlegheit. Stillinga er finansiert gjennom Akademiaavtalen mellom Universitetet i Bergen og Equinor, og knytt til prosjektet Accelerating Privacy and Data Protection Measures Using Synthetic Data Generation (ASPIRE). Stipendiatstillinga er for ein åremålsperiode på 3 år, med tilsetting i første kvartal 2025.
Centre for the Science of Learning & Technology (SLATE) ved Det psykologiske fakultet er eit læringsvitskapleg forskingssenter som driv tverrfagleg forsking på dei teknologiske, pedagogiske, kulturelle, etiske og juridiske delane ved læringsanalyse (LA) og kunstig intelligens i utdanning (AIED), og fremmer ansvarleg bruk av teknologi i utdanning. Som eit tverrfagleg senter strever vi etter å sjå forskingsutfordringar frå fleire perspektiv. Vi er eit dynamisk og inkluderande miljø beståande av rundt 23 personar, og alle tilsette må vere med å bidra til senteret sin suksess.
Framsteg innan datadrevne modellar på ulike områder som utdanning (læringsanalyse og kunstig intelligens i utdanning) og datadrevne helsetenester har blitt dreve fram av store datasett. Den stigande etterspørselen etter store datamengder fører med seg betydlege utfordringar, der personvernomsyn er blant dei mest kritiske. Tradisjonelle metodar som anonymisering og avidentifisering har blitt stadig meir sårbare for angrep, som hevar risikoen for at personopplysningar blir eksponert. Syntetiske data er derfor i ferd med å bli ein lovande og ny løysning som gir forskarar eit alternativ til ekte data, utan at det går på kostnad av personvernet eller eksponerer sensitiv informasjon.
Du vil delta i ASPIRE-prosjektet (Accelerating Privacy and Data Protection Measures Using Synthetic Data Generation), som har som mål å utvikle nye metodar for personvern og databeskyttelse ved å utnytte kunstig intelligens i syntetisk datagenerering. ASPIRE søker å medverke til eit påliteleg rammeverk for sikker datautveksling og ASPIRE-resultater vil kunne vere med å påverke utdanning, helsetenester og forsking på kunstig intelligens.
Det blir forventa at du, saman med ASPIRE-teamet, tilbyr nye perspektiv på å foreslå strenge personverngarantiar ved å integrere differensiert personvern og federert læring med syntetiske data. I tillegg vil det bli gjennomført ei evaluering av nytta av syntetiske data for å sikre at dei blir funksjonelle, samtidig som det blir lagt til eit ekstra lag med databeskyttelse.
Du må også
Universitetet i Bergen er underlagt forskrifta for eksportkontrollsystemet. Forskrifta vil bli lagt til grunn i behandlinga av søknadene. Dersom universitetet ikkje har mottatt vurderinga fra Utanriksdepartementet innan 6-12 ukar etter søknad om eksportlisens, vil eit eventuelt tilbod om tilsetting bli trekt tilbake.
Om stipendiatstillinga: Varigheita på stipendiatstillinga er 3 år. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden. Du kan ikkje vere tilsett som stipendiat i meir enn éin åremålsstilling ved same institusjon.
Om ph.d.-utdanninga:
Som stipendiat skal du gjennomføre ph.d.-programmet ved Det psykologiske fakultet innan ei tidsramme på 3 år. Ved vurdering av dine kvalifikasjonar til stillinga vil du også bli vurdert for opptak til ph.d.-programmet.
Du finner meir informasjon om ph.d.-utdanninga ved Det psykologiske fakultet her.
Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert med den informasjonen og dei vedlegg som er knytt til søknaden i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Vedlegga må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk, og eventuelle omsetjingar må vere attesterte. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen.
Det er særs viktig at kvart av vedlegga som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden. Dette gjeld også dei vitskaplege arbeida du vil skal takast omsyn til ved vurderinga jf. siste kulepunkt.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Praktiske spørsmål om søknadsprosedyre:
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.