Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Stillingsannonsen er inaktiv

Kva med ein kvardag ute i spennande aktivitet saman med elevar frå heile landet?

Ål kommune Hallingdal leirskule

Myrovegen 15,, 3570 ÅL
Vikariat
Offentlig
Deltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

Vi har ledig inntil 40% mellombels stilling som leirskuleinstruktør ved Hallingdal leirskule for skuleåret 2025/26, i perioden 01.09.25-31.07.26.

Kvalifikasjonar

  • allsidig friluftsliverfaring og idrettserfaring
  • kunnskap innan orientering og førstehjelp
  • det er ynskjeleg at du har: 
    • erfaring frå opplæring/undervisning
    • instruktørutdanning innan alpinski, (nybegynnaropplæring) og/eller klatring
    • livredningsprøve i vatn
    • erfaring frå leirskule eller anna organisert friluftsaktivitet for barn i aldersgruppa 10-13 år

Personlege eigenskapar

  • trygg, positiv og tydeleg i møte med elevane
  • har gode samarbeidsevner
  • er fleksibel og løysingsorientert
  • er glad i å vere ute i all slags vêr, året rundt
  • kunnskapsrik og triveleg
  • at du bidreg til kollegiet
  • møter elevar og vaksne med eit smil kvar dag
  • kan uttrykke deg godt på norsk, både skriftleg og munnleg

Vi tilbyr

  • engasjerte tilsette
  • stabil personalgruppe
  • pensjonsordning KLP
  • arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala

Andre opplysningar om stillinga

Utearbeid heile året. Kveldsarbeid må påreknast. Arbeidet fylgjer skuleåret. Leirskulen har planlagt 16-18 leirskuleveker i 2025/26. Arbeidsåret er periodisert.

Søknad og politiattest

  • vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
  • den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader
  • kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista

Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga!

Velkomen som søkjar!

 


Link til søknadsskjema: Søk her