Lignende stillinger
Rimbareid barne- og ungdomskule har ledig vikariat som avdelingsleiar på barnetrinnet
Me søkjer ein engasjert, dyktig og inspirerande avdelingsleiar til barnetrinnet på skulen. Stillinga er eit vikariat med varigheit ut 2025, men det kan bli mogelegheit for forlenging.
Som avdelingsleiar vil du vera ein del av leiargruppa ved skulen, saman med rektor og dei to andre avdelingsleiarane. Du vil ha ei sentral rolle i utviklinga av skulen, elevane og personalet, og du vil vere ein viktig bidragsytar til eit positivt læringsmiljø og eit godt samarbeid mellom heim og skule. Vi ser etter ein motivert person som vil vere med på å forme framtidas skule på Rimbareid.
Som avdelingsleiar vil du ha ansvar for følgjande arbeidsoppgåver:
Leie og organisere avdelinga med fokus på pedagogisk utvikling og måloppnåing.
Planlegge, gjennomføre og følgje opp pedagogiske tiltak for elevane på avdelinga.
Sikre tett oppfølging av elevar med spesielle behov.
Følgje opp og støtte lærarane i deira daglege arbeid, inkludert fagleg rettleiing og kompetanseutvikling.
Samarbeide tett med skulen si leiing, foreldre og andre aktørar for å skape eit godt læringsmiljø.
Delta aktivt i skulen sitt utviklingsarbeid og bidra til å realisere skulen sin pedagogiske visjon.
Bidra til eit inkluderande og trygt skulemiljø.
Vi søkjer deg som har følgjande kvalifikasjonar:
Relevant utdanning på høgskule- eller universitetsnivå innan pedagogikk.
Evne til å motivere og inspirere både elevane og personalet.
Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
Kjennskap til skulens læreplan og gjeldande lover og forskrifter innanfor skoleområdet.
God IKT kompetanse
Ønskjeleg med leiarerfaring eller leiarutdanning.
Vi legg vekt på følgjande personlege eigenskapar hos søkjaren:
Engasjement for elevane sine resultat og trivsel.
Fleksibilitet og evne til å handtere utfordringar på ein konstruktiv måte.
Evne til å arbeide sjølvstendig og i team.
Gode mellommenneskelege ferdigheiter.
Positiv haldning og evne til å skape eit godt arbeidsmiljø.
Du har eit varmt og inkluderande menneskesyn
Me kan tilby:
Ei spennande leiarstilling i ein kommune som legg vekt på utvikling og kvalitet i skulen.
Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling.
Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø.
Konkurransedyktige lønnsvilkår og pensjonsordningar.
Send søknad og CV elektronisk via vårt søknadssystem [lenke til søknadssystemet].
Godkjente kopiar av vitnemål og attestar vert etterspurt i samband med innkalling til intervju.
Søkjarar må leggja fram politiattest før dei tek til i stillinga, jf. Opplæringslova §17-11.
Fitjar kommune praktiserer likestillingspolitikk og ynskjer søkarar uavhengig av kjønn, alder og bakgrunn.
For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med rektor Trude Mathiesen, tlf. 470 18 230 eller kommunalsjef André Sæthre, tlf. 400 43 230.