Lignende stillinger
100 % fast stilling som ingeniør ved verksemd Vatn og avløp i Ullensvang kommune
Ynskjer du å bli ein del av Ullensvang kommune sin mest spennande og utfordrande arbeidsplass? Avdeling for vann og avløp (VA) har ledig en nyopprettet stilling som ingeniør, der vi har ei mengde varierte og interessante arbeidsoppgåver til den som blir ansatt. Avdelinga har i dag 18 engasjerte og hyggelige kollegaer med høg fagkompetanse, som kvar dag sørger for sikker vassforsyning av god kvalitet til kommunen sine innbyggjarar. Avdelinga ligg under kommunal sektor for Teknikk og miljø, og arbeidsstad vil væra driftsstasjonen på Hjøllo i Odda. Kommunen nyttar nynorsk som arbeidsspråk.
Avdelinga sitt hovudansvarsområde er drift- og vedlikehald av dei rundt 120 VA-anlegga med tilhøyrande leidningsnett, som er spredt rundt i kommunen. Sentralt i dette arbeidet står eit stort antall mindre vass- og avløpsprosjekter som årleg vert gjennomført ved avdelinga. Vi er og involvert i både planprosess og utføringa av større investeringsprosjekter; bygging av vassverk, renseanlegg, pumpestasjoner, høgdebasseng og leidningstraséer. Vi utfører jamnleg lekkasjesøk. Tilpasningar til nye og strengere krav vil og verta ei viktig oppgåve dei neste åra.
Andre oppgåver som ligger til avdelingen er vedlikehald og administrasjon av dataprogram, som VA-database, driftskontrollsystem, HMS-system, system for drift, vedlikehold og arkivering. Vi har også sakshandsaming for utsleppsløyve, sanitærabonnement, graveløyve, forurensningssaker, fakturering og budsjettarbeid. Vi gir teknisk bistand i utbyggjingsprosjekter, og uttale til tekniske planer, reguleringsplaner og i byggesaker.
Vi er på jakt etter ein initiativrik person som kan arbeide sjølvstendig, med interesse for fagområdet VA, og gjerne med prosjekterfaring. Du må lika å arbeida med dataverktøy, vera systematisk, og sjå nødvendigheita av god planlegging og utvikling av gode rutiner. Du bør vera serviceinnstilt og ein positiv bidragsyter til det gode arbeidsmiljøet vi har ved avdelinga. Naudsynt opplæring vil bli gitt.
Arbeidsoppgåver:
Vera en tilretteleggjar i den daglege drifta i samarbeid med fagansvarleg VA
Koordinering av ulike VA driftsprosjekter, herunder budsjettering, økonomistyring, prosjektering, innhenting av tilbod, kontrahering, oppfølging av entreprenører, ferdig- dokumentasjon og attestasjon av faktura
Bidra med fagkompetanse i forbindelse med større investeringsprosjekter, hovudansvar for enkelte større prosjekt kan bli aktuelt
Databehandling i VA-databasen Gemini, arkivsystem Websak, samt andre datasystemer
Oppfølging av- og godkjenning av teknisk planar for VA, skriftleg uttalelse til VA-rammeplanar, reguleringsplanar, og byggesaker
Handtering av informasjon til innbyggjarar i forbindelse med anleggsarbeid, og utsending av varsel ved spesielle hendingar
Delta i tverrfagleg samarbeid mellom sektorane i kommunen
Andre oppgåver kan tilfalla stillinga
Ynskte kvalifikasjonar:
Ingeniør/ sivilingeniør (bachelor/master fra universitet/ ingeniørhøgskole) innan VA /kommunalteknikk/ bygg
Ingeniør/ sivilingeniør innen andre fagområder, gjerne med relevant prosjekterfaring, kan bli vurdert
Minimum tre års arbeidserfaring fra relevante fagområder, kompetanse innen vann- og avløpsfag vil bli vektlagt.
Lang relevant arbeidserfaring kan etter vurdering erstatta utdanningskrav
Gode IT-kunnskaper og erfaring med digitale arbeidsverktøy
Kjennskap til offentlege anskaffingar
Interesse for VA-faget
Førerkort klasse B
God fremstillingsevne muntleg og skriftleg
Personlige egenskaper:
Løysingsorientert tilnærming til arbeidsoppgåver med evne til å arbeide sjølvstendig
Fagleg engasjert, initiativrik, systematisk og serviceinnstilt med gode samarbeidseigenskaper
Evne til å inneha en koordineringsrolle i prosjekter, med god dialog med alle involverte
Kunne handtere komplekse saker, og fleire parallelle arbeidsoppgåver i eit høgt tempo
Evne til å identifisera behov og videreutvikling av rutinar
Sjå viktigheita av å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr:
Meingsfylte og interessante arbeidsoppgåver i utøvinga av eit viktig samfunnsoppdrag
Eit sterkt og godt fag- og arbeidsmiljø med gode utviklingsmogelegheitar
Jobb i ein attraktiv kommune med eit variert fritidstilbod
Ordna arbeidsførehald, fleksibel arbeidstid
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Lønn etter avtale
Opplysningar om stillinga får du hos kommunalsjef Teknikk og miljø, Randi Karin Habbestad, tlf 950 37 035