Lignende stillinger
Helse og velferd er ein sektor med om lag 200 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne sektoren inngår pleie - og omsorgstenester, tildelingskontor, legetenesta, jordmortenesta, ergoterapi- og fysioterapitenesta, miljøarbeidertenesta, NAV og psykisk helse/rus/kreftomsorg og frivillig arbeid. Helse og velferd har som mål å fagleg leggje til rette med tenester tilpassa den einskilde sitt behov, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv.
Gullsmedvegen bu og avlasting vart opna i januar 2024 i nyoppussa lokaler. Eininga består av tre omsorgsbustader og avlasting med tre sengeplasser til barn og unge. Vi gjev praktisk bistand, opplæring og heimesjukepleie til vaksne personar med nedsett funksjonsevne i omsorgsbustad, samt rullerande avlasting til born og unge i eigne lokaler.
Gullsmedvegen bu og avlasting er ei avdeling innunder Miljøarbeidartenesta.
Gullsmedvegen bu og avlasting er ei eining der vi søker etter kollegaer med fullført bachelor i vernepleie.
Vi søker deg som ønsker og vere med å bygge opp ei god teneste der både tenestemottakarar og tilsette opplever meistring og utvikling. Vi treng trygge, aktive og omsorgsfulle miljøterapeuter til arbeid i døgnturnus.
Som miljøterapeut vil du blant anna ha oppgåver knytt til primærkontaktansvar, aktiv oppfylging av tenestemottakar i daglege aktivitetar, samarbeid med pårørande og andre aktuelle partar, planarbeid og rettleiing. Du vil arbeide både i avdelinga for avlasting til born og unge og i teneste til vaksne med nedsett funksjonsevne i omsorgsbustadar som ligg i same område. Du vil arbeide tett med teamleiar og andre tilsette for å bygge opp tenestene, fagsystem og kultur.
Vi tilbyr turnus med døgnvakter og arbeid 4. kvar helg. Vi har årsturnus og er no i gang med planlegginga av årsturnus frå desember 2024.
Ansvars- og arbeidsoppgåver
Formelle kvalifikasjonskrav
Utdanning
Personlege eigenskapar
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.