Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

100% fast stilling som IKT rådgjevar - 2. gongs utlysing

Eidfjord Kommune Sentraladministrasjon

Simadalsvegen 1, 5783 EIDFJORD
Fast
Offentlig
Heltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

Om stillinga

Eidfjord kommune har ledig fast stilling i 100 % som rådgjevar IKT. Stillinga inngår som ein av 2 stillingar i IKT-avdelinga.

Eidfjord kommune har eit nært IT samarbeid med Ulvik og Kvam kommunar basert felles Tennant, Intune, Entra, VM, Microsoft og Veeam servermiljø. IT har ansvar for drift og utvikling av kommunen sin infrastruktur og utstyr med nærare 1000 einingar.

Tilsette i kommunen nyttar Microsoft 365 produkta som basis arbeidsverktøy. Auka digitalisering går føre seg i alle sektorane, og IT vil ha ei sentral rolle i digitaliseringsarbeidet med å gje råd, planleggja, leggja til rette og fylgja opp einingane si digitale utvikling.

Arbeidsoppgåver

  • Kartlegging, planlegging og tilrettelegging av kommunen og einingane sine behov

  • Vurdera implementering av sentrale føringar frå stat, KS, Helsecirt, NSM. m.fl.

  • Digitalisering og tilpassa IT-løysingar

  • Sikre stabil IT-drift og brukarstøtte

  • Bidra til at tenestene nyttar digitale løysingar

  • Ivareta informasjonstryggleik

  • Forvalta IT-system portefølje

Ynskte kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning innan IT eller liknande, eller som har bygd opp solid driftserfaring gjennom praksis og fagbrev

  • God forståing for IT-infrastruktur og tryggleik

  • Gode evner til å tileigna seg djupnekunnskap om behov og vurdera løysingar

  • Gode samarbeidsevner

  • Førarkort klasse B

Me tilbyr

  • Ei utfordrande stilling med faglege utviklingsmogelegheiter

  • Forma framtidas digitale tenester i Eidfjord kommune

  • Eit godt arbeidsmiljø med fleksibel arbeidstid

  • Gode mogelegheiter for fagleg og personleg utvikling

  • Konkurransedyktige vilkår og løn etter avtale

  • God pensjonsavtale (KLP)

  • Eidfjord er ein av kommunane du kan søkja om nedskriving av studielån

Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som til einkvar tid fylgjer av gjeldande lover og tariffavtalar.

Tilsetjingsvilkår

Gyldig politiattest må leggjast fram ved tilsetjing.

Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til kvar einskild tid fylgjer av gjeldande lover og tariffavtalar.

Anna info

Arbeidsspråk er nynorsk.

Arkivsak nr.: 25/603

Velkomen som søkjar!