Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Stillingsannonsen er inaktiv

Driftskoordinator i tenesteområdet Helse- og omsorg

Vågå Kommune Helse Og Omsorgssektoren

VÅGÅ, 2680 VÅGÅ
Fast
Offentlig
Heltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

For å ta vare på dei stadig aukande arbeidsoppgåvene knytt til logistikk, teknologi og koordinering er det behov for ein driftskoordinator som er dedikert til tenesteområdet Helse- og omsorg. Stillinga er ei 100% fast stilling med arbeidstid på dagtid.

Driftskoordinatoren er organisatorisk plassert under tenesteleiar Helse- og omsorg

Arbeidsoppgåver

Driftskoordinator skal ha eit spesielt ansvar for:

utvikling, vedlikehald og implementering av planverk innan branntryggleik, beredskap og evakuering.

logistikk for lagerbehaldning kring utstyr som ikkje er knytt til medisinsk utstyr (kontorrekvisita og liknande).

oppretting av tilgangar i ulike driftssystem.

å koordinere ikkje-helsefaglege oppgåver og stillingar

Driftskoordinator skal også koordinere samarbeid med:

teknisk/kommunal eigedom/driftsoperatør

leverandørar av velferdsteknologi (i samspel med velferdsteknologikoordinator og kommunalsjef). I dette ligg oppgåver knytt til oppsett av nytt utstyr, drift og vedlikehald.

Anna:

Vere kontaktpunkt for IT. Her ligg oppgåver innan oppsett av nytt utstyr, drift og vedlikehald.

Andre driftsoppgåver kan bli tillagt stillinga

Ved ledig kapasitet kan det opnast for tilsvarande oppgåver i tenesteområdet Miljøterapitenesta.

Da dette er ei nyoppretta stilling kan det bli endringar eller andre relevante oppgåver bli lagt til stillinga

Kvalifikasjonar:

Erfaring frå liknande oppgåver er ønskjeleg. Vi vil legge til rette for kompetanseheving på områder det eventuelt er behov for påfyll.

Kompetanse og komfortabel med å arbeide med fleire ulike digitale system

Norskkunnskapar tilsvarande minimum B1 -- munnleg og skriftleg

Førarkort klasse B er ønskjeleg

Personlege eigenskapar:

Må kunne arbeide sjølvstendig, nøyaktig og systematisk

Serviceinnstilt og initiativrik

Evne og vilje til utvikling, omstilling og bruk av digitale løysingar

Gjennomføringsevne

Løysingsorientert

Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Evne til å skape tillit, samt følgje rutinar og lovverk

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi kan tilby:

Eit spennande arbeidsfelt i stadig utvikling

Arbeid i tverrfagleg team

Kompetanseheving

Eit godt fagmiljø og gode kollegaer

Pensjonsordning via KLP

Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lov og avtaleverk.

Administrasjonsspråket i Vågå kommune er nynorsk.

Spørsmål kan rettast til tenesteleiar Hanne Stokke Moen på tlf. 948 65 287 e-post: [email protected] eller kommunalsjef Thomas Rannstad Haugen på tlf. 970 10 982 eller e-post [email protected]

Søknad skal sendast som elektronisk søknadsskjema. Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til [email protected].

Søknadsfrist 17.01.2025

Vågå kommune er oppteke av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.

Vi gjer merksam på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.