Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Stillingsannonsen er inaktiv

Avdelingsleiar for yrkessjåfør, transport og logistikk

Os vidaregåande skule, Vestland fylkeskommune

Kolskogheiane 14, 5210 BJØRNAFJORDEN
Fast
Offentlig
Heltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

Har du ei sterk interesse for transport- og logistikkfaget og ønskjer å bidra til utviklinga av framtidas yrkesutdanning? Os vidaregåande skule søkjer ein engasjert og erfaren avdelingsleiar for utdanningsprogramma våre innan yrkessjåfør, transport og logistikk. Den som blir tilsett vil også bli ein del av skulen si leiargruppe, der vi saman utviklar skulen for framtida.

Som avdelingsleiar vil du ha det overordna ansvaret for fagleg og administrativ leiing av avdelinga, inkludert personalansvar for 11 tilsette. Du får ei sentral rolle i å utvikle og gjennomføre strategiar som sikrar høg kvalitet i undervisinga, og som møter behova i arbeidslivet og gir elevane våre eit solid fagleg grunnlag. I tett samarbeid med eit kompetent og dedikert team av tilsette, får du moglegheita til å vidareutvikle avdelinga og forme framtidas yrkesutdanning på skulen vår.


Arbeidsoppgåver

  • Sikre at avdelinga følgjer gjeldande lovar, forskrifter og retningsliner
  • Leia og utvikla avdelinga mot skulen sine mål og verdigrunnlag
  • Sikre høg kvalitet i undervisinga og leggje til rette for fagleg og pedagogisk utvikling
  • Personalansvar for tilsette, inkludert rekruttering, oppfølging og kompetanseutvikling
  • Samarbeida med tilsette og deira organisasjonar
  • Bygge og vidareutvikla tett samarbeid med næringslivet for å sikre fagleg oppdatert innhald i undervisninga
  • Budsjettansvar og ressursstyring for avdelinga, inkludert timeplanlegging
  • Samarbeid med opplæringskontor og opptak til kurs
  • Ha oversikt over og sørge for god forvaltning av kjøyretøy og utstyr
  • Undervisning ut frå kompetanse

Kvalifikasjonar

  • Krav om høgare utdanning frå universitet eller høgskule
  • Krav om erfaring som leiar
  • Ønskjeleg med utdanning innanfor faga transport, logistikk, pedagogikk* og/eller leiing 
  • Ønskjeleg med erfaring frå undervisning, gjerne innan yrkesfaglege program
  • Det er ein fordel å ha god kjennskap til transport- og logistikkbransjen
  • Du må ha god digital kompetanse, helst med kjennskap til timeplanprogram
  • Den som blir tilsett må ha høg arbeidskapasitet og få energi av ein variert arbeidsdag

*Det er krav om pedagogisk kompetanse, kandidatar utan dette kan bli tilsett på vilkår om å ta slik utdanning

Personlege eigenskapar

  • Sterke leiareigenskapar med evne til å motivere og utvikle medarbeidarar
  • Gode kommunikasjonsevner og samarbeidsevner
  • Evne til strategisk tenking og planlegging
  • Strukturert og løysingsorientert
  • Fleksibel og tilpassingsdyktig med evne til å handle raskt når det trengst
  • Engasjert, inspirerande og glad i folk
  • Sterk relasjonsbyggar med evne til å skape tillit hos både elevar, tilsette og eksterne samarbeidspartnarar

Vi tilbyr

  • Ei utfordrande og meiningsfull leiarstilling i eit utviklingsorientert miljø
  • Moglegheit til å påverke og forme framtidas yrkesfaglege utdanning saman med gode kollegaer
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling, inkludert leiarutvikling
  • Ein trygg og stødig arbeidsgjevar
  • Gode pensjonsordninger og løn etter avtale

Kontaktinformasjon

Anne-Merete Mærli Hellebø, rektor, +47 90630721

Arbeidsstad

Kolskogheiane 14
5210 Os

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4881088423
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.11.2024