Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Stillingsannonsen er inaktiv

Sjukepleiar

Barne- og ungdomsavdelinga, Helse Førde

Svanehaugvegen 2, 6812 SUNNFJORD
Fast
Offentlig
Heltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

Barne- og ungdomsavdelinga har ledig fast kombistilling som sjukepleiar på poliklinikk/sengepost 50/50. Oppstart: snarast 

Dersom intern søker frå sengepost får stillinga, vil det bli ledig stilling i BUA sengepost.

Poliklinikken tilbyr medisinsk utgreiing og oppfølging av barn og ungdom mellom 0-18 år. Dei mest vanlege sjukdommane vi behandlar er innan Astma/allergi, diabetes/endokrinologi, mage-tarm, hjarte, nevrologi, nyre og urinvegar, revmatologi, infeksjonar og nyfødtmedisin.

I sengeposten behandlar vi barn i alderen 0-18 år med ein spennande variasjon av mange ulike diagnosar; ulike medisinske-, kirurgiske og ortopediske diagnosar, samt premature og sjuke nyfødde

Med ein kombistilling mellom poliklinikken og sengepost, får ein moglegheit til å opparbeid seg brei erfaring og kompetanse frå barnemedisin samtidig som du får fordjupe deg i spesifikke fagfelt. Saman med faglegane vil du få moglegheit til å vere med å utvikle og påvirke fagfeltet samt oppfølgingen av pasientane. 

Dersom det blir internt opprykk, blir det ledig stilling i sengeposten.

Den som får tilbod om tilsetjing må legge fram tilfredsstillende politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og utviklingshemma). Attesten skal ikkje vere eldre enn 3 mnd.


Arbeidsoppgåver

  • Variert og sjølvstendig arbeid knytt til generell drift på poliklinikken med moglegheit for fagleg fordjupning innan astma/allergi samt andre fagområder
  • Sjukepleiar på poliklinikken utfører sjølvstendige arbeidsoppgåver som ulike testar innan astma og allergi t.d. spirometri, NO-måling, tredemølletest, allergitesting, allergen immunterapi og provokasjonstestar innen matvarer og medikament. Vi utførere også andre testar som lactosetest og Ph-måling. Sjukepleiarane utfører i tillegg opplæring og undervisning til ulike pasientgrupper, dette kan være i forhold til diagnose, medisinsk teknisk utstyr og medikament adm. 
  • Sjukepleiar tek også imot alle pasientane og klargjer dei før legekonsultasjonane. Dette omfattar bl.a EKG, BT, vekt og lengde. Pasientane skal klargjerast til ulike undersøkingar. 
  • Vi arbeider også med oppgåveglidning frå lege til sjukepleiar, som medfører at sjukepleiarane har eigne konsultasjonar (kontrollar) 
  • Stillinga blir delt mellom poliklinikk/sengepost hhv. 50/50.
  • Stillinga på sengepost medfører 3-delt turnus og arbeid kvar 3.helg, og utløyser 35,5 t/v,
  •  Arbeidsoppgåvene i sengeposten vil vere pleie og behandle sjuke barn og ungdommar, samt omsorg for pårørande.
  •  Det er ein del poliklinisk aktivitet i sengeposten. All infusjonsbehandling foregår nå inntil videre i Liva før poliklinikken flytter opp.

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar
  • Erfaring frå Barne og ungdomsavdelinga.
  • Interesse, eventuelt utdanning innenfor astma og allergi er ein fordel.
  • Må beherske godt norsk, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Bidra positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • Arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • Gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
  • Gode kommunikasjonsevner 
  • Evne til systematisk arbeid
  • Likar å jobbe med barn og foresatte

Vi tilbyr

  • Høgt fagleg nivå
  • Varierte og spennande oppgåver
  • Lønn i samsvar med gjeldane overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Deltaking i fagleg nettverk
  • Moglegheit for videreutdanning
  • Gode turnusplanar for arbeid i sengepost og poliklinikk

 

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Cathrine Ullebø, Seksjonsleiar poliklinikk barn og unge, (+47) 578 31 310
Jorunn Sollid, Seksjonsleiar, sengepost, (+47) 992 93 641

Arbeidsstad

Svanehaugvegen 2
6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde

Referansenr.: 4948528446
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.05.2025