Vi søkjer etter deg som har lyst på ein meningsfull sommarjobb!
I veke 26 - 33 har sektor helse og omsorg behov for fleire ferievikarar som kan bidra med praktiske og sosiale oppgåver ved Hogatunet bu- og behandlingssenter, Seljetunet omsorg og rehabilitering, heimetenesta Nordfjordeid, Fossevegen bufellesskap på Nordfjordeid og bufellesskap i Selje og Stadt.
Vi ber deg skrive i søknaden litt om deg sjølv, når i perioden du kan arbeide og om du har særskilt ynskje om arbeidsstad.
Arbeidsoppgåver
- Dekke bord og førebu måltid
- Hjelpe til å servere ved måltida – rydde opp etter måltid
- Bidra til trim, song, musikk, høgtlesing og turar
- Delta på ulike aktivitetar saman med bebuerar og tilsette slik vi kan gi bebuerane ein aktiv og meiningsfylt kvardag
- Andre praktiske oppgåver som til dømes rydding av rom, fylle i skap, skifte på seng, enkle reinhaldsoppgåver
- Heimetenesta, vere med som nr 2 for å kunne gjere oppgåver ute i heimane
- Det er arbeid i ulike stillingsprosentar i turnus, det er høve til å arbeide dag, kveld og helg.
Kvalifikasjonar
- Til desse stillingane ynskjer vi personar mellom 15-17 år som snakkar flytande norsk. (Ein kan søkje same år som ein fyller 15 år.)
Personlege eigenskapar
- Ta ansvar
- Møte presis
- Ha gode samarbeidsevner og gode haldningar
- Vere god til å kommunisere med andre
- Vere engasjert, ha godt humør og bidra til eit positivt fellesskap
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Som ferievikar hos oss får du ein variert arbeidsdag i lag med mange kjekke medarbeidarar! Du får møte mange nye menneske og får med deg ei god erfaring vidare i arbeidslivet.
- Løn etter tariff.
Kontaktinformasjon
Heidi Munch Starheim, einingsleiar Institusjon, 48045210,
[email protected]
Annette Hovden, Einingsleiar Heimetenesta, 45 47 84 72,
[email protected]
Arbeidsstad
6770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommune
Referansenr.: 4897515498
Stillingsprosent: 0%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 26.03.2025