Trollongane barnhage er en 5-avdelingsbarnehage med fantastiske lokale og moglegheiter. Vi ligg sentrumsnært på Bryne og er den mest søkte barnehagen i Time kommune dette året. Vi er ein moderne avdelingsbarnehage med eigne område for liten og stor, vassrom og eiga personalavdeling. Barnehagen er nytenkande og framtidsretta og har satsing på blant anna inspirerande og kreativ bruk av digital teknologi og realfag. Vi er også praksisbarnehage for barnehagelærarutdanninga med UIS. I tillegg har me elevar inne frå både ungdoms- og vidaregåande skule i praksis.
Vi søkjer etter ein dyktig kokk som skal bidra til at barna i barnehagen får servert sunn og ernæringsrik mat kvar dag! Måltidet er ein viktig del av barnehagedagen og ein pedagogisk arena i barnehagen kor vi sitt i lag alle.
Du er ein engasjert fagperson som med din kompetanse kan lage næringsrike, delikate og freistande rettar til glede for barna i barnehagen! Fokuset er at maten skal lages fra botn av som brød, supper m.m. og på kjøkkenet vil du finna utstyr som gjer gode moglegheiter for nettopp det! Du må ha gode samarbeidsemnar med store og små, og må vera villig til å steppe inn på avdeling ved behov. Oppstart i stillinga etter avtale. Barnehagen har no ca. 100 barn fordelt på 5 avdelingar
Arbeidsoppgåver
- Tilbereding av frokost, lunsj og fruktmåltid
- Planlegging og innkjøp
- Reinhald av kjøkken og oppvask
- Ansvar for IK-mat
- Stillinga er ein del av grunnbemanninga, og det kan derfor verta aktuelt med endring i arbeidsoppgaver utifra driftsbehov (til dømes vere med barna)
Kvalifikasjonar
- Kokk med fagbrev, eller praksis fra liknande stillingar
- God erfaring med å tenkja økonomi, bærekraft og utnyttelse av råvarer
- Kjent med IK-mat
- krav om politiattest
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, er raus og opptatt av å være med å fremme eit godt arbeidsmiljø
- Evne til å kunne arbeide sjølvstendig, effektivt ognøyaktig, og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
- Det kreves gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen
- Du er stolt av faget ditt, glad i lage mat, godt humør og lyst til å gjera barn nysgjerrig på mat
- Du er omsorgsfull og ein voksen som trives med å jobbe med barn
Vi tilbyr
- Offentleg tenestepensjonsordning, KLP
- Løn etter tariff
- Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
- Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling
Kontaktinformasjon
Tor Inge Pettersen, Styrar, +47 40078156
Arbeidsstad
Kjeldevegen 1
4344 Bryne
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Time kommune
Referansenr.: 4861978042
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.10.2024