Lignende stillinger
Kommunalavdeling helse og omsorg ynskjer medarbeidarar som er oppteken av faget sitt og som har eit ynskje om å utvikla seg. Er du ein slik person så er du hjarteleg velkomen til å arbeida saman med oss i Voss herad sine helsetenester. Hos oss vil du få moglegheit til å påverka tenestene. Me nyttar forsking og erfaringskunnskap og har alltid tenestemottakar i sentrum når me planlegg korleis morgondagens tenester skal vera. For å møte framtidas utfordringar ynskjer me å satse betydeleg meir på førebygging og tidleg innsats.
Om stillinga
Voss herad har ledig fysioterapistilling 80% som fysioterapeut i ergo/fysioterapiavdelinga.
Om avdelinga
Ergo/fysioterapiavdelinga ligg på Hagahaugen i lyse trivelege omgjevnader. Her har me kontor og treningssalar. Ergo/fysioterapiavdelinga har tilsett 13 fysioterapeutar og 5 ergoterapeutar inkl. leiar og turnusfysioterapeut.
Arbeidsoppgåver
Jobbe som fysioterapeut i Voss herad med dei oppgåver som ligg til dette arbeidet i samråd med det tenestetilbodet avdelinga tilbyr og ut frå gjeldande prioriteringar.
Døme på arbeidsoppgåver
Merk at oppgåvene kan endra seg etter behov frå tenesta/heradet.
Kvalifikasjonar
Me ynskjer
Personlege eigenskapar
Personleg eigenskapar vil tilleggas avgjerande vekt
Godkjent politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga
Me tilbyr
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.