Lignende stillinger
Ønskje du å gjere ein skilnad og bidra til samfunnsutvikling? Då bør du søke på vår ledige stilling hjå Vegforvaltning bergensområdet.
Fylkesvegane knyter fylket saman og fungerer som ei trygg og føreseieleg ferdselsåre. Vi skal arbeide for trygge kvardagsveger som er opne og trygge å ferdast på. Vegforvaltning bergensområdet søkjer etter ein rådgjevar/seinorrådgjevar med kompetanse innan areal- og vegforvaltning, som kan bli med på laget saman med 25 andre samfunnsengasjerte og inkluderande medarbeidarar.
Vi ser etter deg som er samfunnsbevisst, engasjert og ynskjer å utgjere ein forskjell. Du må kunne ta ansvar og vere løysingsorientert. Ha fokus på god dialog, skriftleg og munnleg, og evner å bygge tillit - både til kollegaar, samarbeidspartnarar og tenestemottakarar. Du trivast med oppgåver som krev at du arbeider sjølvstendig, men også saman med andre. Vi verdset eit godt arbeidsmiljø og at du bidreg positivt til dette.
Du vil bli ein del av eit sosialt og inkluderande miljø med samfunnsengasjerte og fagleg dyktige kollegaar. Du vil få varierte, utfordrande og spennande arbeidsoppgåver. Vi har fleksitidsordning og sommartid. Du vil få løn etter avtale. Det er aldri for tidleg å planlegge for pensjonistlivet, heldigvis har Vestland fylkeskommune gode pensjons- og forsikringsordningar. Du kan lese meir om Vestland fylkeskommune som arbeidsgjevar her: Jobb og karriere i Vestland fylkeskommune
Kontorstad for denne stillinga vil vere Stord eller Bergen. Her kan du lese meir om Vestlandshuset i Bergen; Fakta om Vestlandshuset.
Vegforvaltning bergensområdet består av ein gjeng på 25 dyktige og engasjerte medarbeidarar. Vi har ein god blanding i alder på seksjonen med både nyutdannede og erfarne medarbeidarar. Vi trivst godt saman både på jobb og fritida, og vi tar gjerne ein quiz i kaffipausen. Vi har fleire faglege samlingar med seksjonen og avdelingen i løpet av året, og andre mer uformelle treff der fokuset er på det sosiale. Det skal vere kjekt på jobb og det har vi - men det kan vere det kjem vanskelege saker eller mange saker på same tid - då støtter vi og hjelper kvarandre, for vi er eit lag og vi stiller alltid opp for kvarandre.