Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Stillingsannonsen er inaktiv

Psykolog/psykologspesialist 

Øyane distriktspsykiatriske senter/ Øyane allmennpsykiatriske poliklinikk, Helse Bergen HF

Blombakkane 75, 5354 ØYGARDEN
Fast
Offentlig
Heltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

Øyane diskriktspsykiatriske senter (DPS) er ein del av Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen. Vår poliklinikk er i kontinuerleg utvikling og vi søker etter to psykologar eller psykologspesialistar. 

Øyane DPS har sektoransvar for kommunane Askøy og Øygarden. Området har 65 000 innbyggjarar og har hatt sterk befolkingsvekst. Vi er lokalisert i flotte lokale på Straume, om lag 15 minuttars køyring frå Bergen sentrum. Her finn du to sengepostar (allmennpsykiatrisk seksjon med 8 plassar og seksjon for psykoselidingar med 8 plassar). Vidare har vi psykosepoliklinikk/ FACT og allmennpsykiatrisk poliklinikk med tilhøyrande akutt team.

Ved vår allmennpsykiatrisk poliklinikk tilbyr vi utgreiing og behandling for pasientar med psykisk liding av moderat til alvorleg grad. Vi tilbyr både individuell og gruppebasert behandling. Vi har eit godt tverrfagleg samarbeidsklima og arbeidsmiljø, og vi samarbeider om saker i tverrfaglege team. Vi har brei kompetanse med rom for ulike terapeutiske fordjupingar: Vi har kompetanse innan kognitiv terapi, korttidsdynamiske og andre relasjonelt orienterte behandlingsformer, mentaliseringsbasert terapi, traumebehandling og EMDR, CBT-E for spiseforstyrringar, gruppebehandling og medikamentelle behandlingsmetodar. Vi har eit godt arbeidsmiljø og vi legg stor vekt på fagleg utvikling.

Kandidatar kan bli innkalt til intervju undervegs i prosessen.


Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing og behandling av tilviste pasientar
  • Deltaking i tverrfaglege behandlingsteam
  • Deltaking i gruppe

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon
  • Gruppe- og undervisningserfaring er ein fordel
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggast ved søknad

Personlege eigenskapar

  • Har evne til å arbeide sjølvstendig
  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Du er vand til å halde oversikt og har god ordenssans
  • Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Du har engasjement for pasientgruppa og ønsker vere med å vidareutvikle tenesta
  • Det vil bli lagt vekt på personleg egnethet

Vi tilbyr

  • Eit godt og engasjerande arbeidsmiljø med fagleg engasjerte, dyktige og kjekke kollegaer
  • Ein spennande og utfordrande jobb
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.


Kontaktinformasjon

Linn Beate Hauge Støle, Seksjonsleiar, 91187975

Arbeidsstad

Blombakkane 75
5354 STRAUME

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 4990128861
Stillingsprosent: 100%
Fast