Lignende stillinger
Kvåle skule har rundt 400 elevar og 70 tilsette, fordelt på fem trinn (6.–10. klasse) med fleire parallellar per trinn. Frå skuleåret 2027/2028 vil skulen bli ein rein ungdomsskule med fire parallellar på kvart trinn, noko som gjer den til ein av dei største ungdomsskulane i tidlegare Sogn og Fjordane. I perioden 2024-2028 har Kvåle skule forplikta seg til eit tettare samarbeid med lærarutdanninga på HVL, og vil som Lærarutdanningsskule bidra ekstra innanfor praksisutveksling og kunnskapsutvikling med høgskulen. Med nærleik til idrettsmiljø, kommunale og statlege aktørar, samt eit etablert samarbeid innan kompetanseklynga på Campus Fosshaugane, ønskjer Kvåle skule å møte framtida med eit sterkt fokus på utvikling og kvalitet i undervisninga. Kvåle skule har som mål å bli eit flaggskip for kompetanseutvikling på ungdomstrinnet i Sogn.
Det vil frå hausten 2025 bli ledig fylgjande:
Sogndal kommune har velkomstklasse for fleirspråklege elevar. Det kan vere behov til stillingar knytt til opplæring i velkomstklassen.
Arbeidsoppgåver:
Som lærar på Kvåle skule har du ein variert arbeidskvardag, som mellom anna inneber:
Kvalifikasjonar:
- Det er krav om godkjend undervisningskompetanse for tilsetjing som lærar i grunnskulen, samt eit ynskje om gode digitale dugleikar.
- I tillegg til å ha undervisingskompetanse i eit eller fleire av basisfaga norsk, matematikk og engelsk, har me særleg behov for deg som har undervisingskompetanse i nokre av desse faga:
- Politiattest er ein føresetnad for tilsetjing.
- I tillegg til relevant fagkombinasjon vil personlege eigenskapar vektleggast.
Personlege eigenskapar:
Som lærar på Kvåle skule ser me etter deg som har:
av undervising og vurderingsarbeid i tråd med LK20 og ny opplæringslov.
Me tilbyr:
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.