Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Stillingsannonsen er inaktiv

Avdelingsleiar

NAV Region Bergen

Møllendalsveien 8, 5009 BERGEN
Engasjement
Offentlig
Heltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

Nav leverer arbeids-og velferdstenester til befolkninga i Norge og har om lag 22.000 medarbeidarar fordelt over heile landet. NAV skal gje menneske moglegheiter, og gjennom innsatsen vår skal fleire få høve til å vere i arbeid, delta i samfunnet og vere sikra inntekt.

Nav i Bergen har oppretta eit prosjekt med ei mellombels avdeling for handsaming av søknadar om arbeidsavklaringspengar (etter§ 11-5 i Folketrygdlova),  journalføring av saker, klagesaksbehandling m.m. Avdelinga handsamar saker på vegne av dei fem NAV-kontora i Bergen og rapporterer til regionleiar. Avdelinga har om lag 14 tilsette og er lagt til regionkontoret Nav Bergen sentrum. Avdelingsleiar har både personal- og fagansvar for feltet arbeidsavklaringspengar. Den mellombelse stillinga som avdelingsleiar er ledig frå no og ut 2025. 

I NAV i Bergen er vi mellom anna opptatt av tillitsbasert leiing, prosessleiing og kontinuerlig tjenesteutvikling til beste for våre brukarar. Vi ser etter deg som er ein tydeleg leiar, er god på å byggje relasjoner, er ein pådrivar i utviklingsarbeid, har gjennomføringsevne og ser verdien av samhandling og samskaping.  


Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for den daglege drifta av avdelinga med personal, fag og resultatansvar
  • Vere pådriver for kontinuerlig utvikling av fagområdet
  • Sørge for god framdrift i oppgåvene og tydelige prioriteringar
  • Koordinere samarbeid med både interne og eksterne samarbeidspartnarar
  • Sikre eit godt arbeidsmiljø og kompetanseutvikling for dei tilsette

Kvalifikasjonar

  • Fullført høgare utdanning på minimum bachelornivå frå høgskule eller universitet. Relevant utdanning og/eller erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
  • Erfaring frå, og særleg god kjennskap til fagfeltet arbeidsavklaringspengar
  • Leiarerfaring med personalansvar
  • Forståing av leiing i staten og NAV sitt samfunnsoppdrag
Det er og ein fordel om du: 
  • har gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevne
  • kan vise til god resultatoppnåing i tidlegare stillingar

Vi ser etter deg som

  • Skaper gode samarbeidsrelasjonar og legg til rette for meistring
  • Er tydeleg og strukturert
  • Gjer tydelige prioriteringar og kan handtere stor saksmengde i ein hektisk kvardag
  • Er beslutningsdyktig og løysingsorientert

Vi tilbyr

  • Moglegheit for fagleg utvikling i ei stor offentleg verksemd 
  • Eit arbeidsfelleskap med eit meningsfullt samfunnsoppdrag 
  • Ei spennande stilling i eit miljø prega av høg kompetanse og engasjerte medarbeidarar 
  • Ulike velferdsgode som fleksibel arbeidstid, heimekontorordning og moglegheit for trening i arbeidstida
  • God pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse  
  • Stillinga blir plassert i stillingskode 1407 avdelingsleiar. Lønsspennet er frå kr. 700 000 til 770 000. For særs kvalifiserte søkarar kan høgare lønn vurderast.  

Kontaktinformasjon

Cathrine Tau, Avdelingsdirektør, 92453339, [email protected]

Arbeidssted

Møllendalsveien 8
5009 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: NAV

Referansenr.: 4942335303
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Startdato: 13.05.2025
Sluttdato: 31.12.2025
Søknadsfrist: 08.04.2025