Vi har ledig eit vikariat i 50% stilling, i Aktiv jobb frå snarast. Vikariatet kan gjelde for avdelinga i indre og ytre.
Vi har to avdelingar i Bremanger kommune. Den eine avdelinga er i Svelgen, den andre på Aktivitetstunet på Hauge. På avdelinga i Svelgen har vi bakeri, kafé og snikkarverkstad. På Aktivitetstunet på Hauge har vi garnskjering og trykk på koppar og t-skjorter.
På begge avdelingane driv vi med miljøretta arbeid med tilrettelegging av arbeidsplassar for personar som ikkje kan være i ordinært arbeid.
Arbeidsoppgåver
- Direkte brukarretta arbeid
- Samhandling internt og eksternt
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning innan helse - og sosialfag er ein fordel men ikkje eit krav.
- Gode kommunikasjons - og samarbeidsevner.
- Dei som vert tilsett må kunne nytte norsk munnleg og skriftleg godt, då kommunikasjon og dokumentering er ein stor og viktig del av arbeidet.
- Opplæring vil bli gitt og det går heilt fint om du er en kreativ person som liker variert arbeid. Den som blir tilsett må kunne ta imot vegleiing og være fleksibel i arbeidsoppgåvene.
- Må ha førarkort klasse B.
- Den som vert tilsett må legge fram politiattest av nyare dato.
Vi legg stor vekt på personleg eignaheit.
Vi tilbyr
- Vi tilbyr ein rekke gode ordningar for busetjing i kommunen. Sjå alle ordningane her.
- Rekrutteringstilskot til sjukepleiarar og vernepleiarar med kr. 30.000,- pr år inntil 10 års ansiennitet
- Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
- Gratis 12 timar SFO i veka for 1-3 klasse
- Sjå ledige bustadtomtar i kommunen
- Eit godt arbeidsmiljø der du vil møte gode kollegaer med godt humør og stå på vilje
- God pensjon og gode lånevilkår gjennom medlemskap i pensjonsordning. SPK.no- Statens pensjonskasse for undervisningspersonale og KLP.no-Kommunal Landspensjon for andre. Ordningane ein får tilgang på kan bety mykje gjennom livsløpet.
- Gode personforsikringar i arbeid og fritid
- Gode moglegheiter for vidareutdanning, fagleg og personleg utvikling. Etter nærare avtale kan etter- og vidareutdanning gjennomførast med kompensasjon frå arbeidsgjevar
- Arbeidsgjevar dekker kostnadar til arbeidsklede, jf. lokal avtale
- Senioravtale for tilsette over 62 år
- Tilsette i turnusordning får vere med på planlegging av si eiga arbeidstid og fritid. Kan vere muleg med langvakter
Kontaktinformasjon
Oddgeir Sande, Fagleiar, +47 95982930
Arbeidsstad
Gunnar Scheldrups veg 11
6723 Svelgen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bremanger kommune
Referansenr.: 4907387046
Stillingsprosent: 50%
Vikar
Søknadsfrist: 16.02.2025