Lignende stillinger
Fjaler kommune har ledig 100 % stilling som sjukepleiar, med fortida arbeidsstad i heimetenesta. Vi ser etter deg som ønskjer å jobbe i eit godt arbeidsmiljø saman med fagleg dyktige kollegaer for å yte gode teneste til våre brukarar.
Våre tenester er tilpassa ny organisering for å møte framtidas behov, og vi har mange spanande oppgåver. Det er oppretta ressursgrupper på tvers av einingane i kommunen innan ulike tema som lindrande behandling/kreft, velferdsteknologi og demens.
Vi er interessert i å finne gode løysningar i oppgåvene vi utfører for dei som treng det mest. Vi ser etter deg som deler denne interessa og som ønskjer å bli ein del av vårt team
Vi har årsturnus og legg mykje arbeid i å lage ein turnus som gir god jobb/familie- balanse. Som tilsett hjå oss vil du ta del i todelt eller tredelt turnus med arbeid kvar 3. helg. Vi nyttar årsturnus over 52 veker med start i månadsskifte februar/mars.
Som sjukepleiar hos oss vil du kunne vere med å bidra til auka kompetanse blant din medarbeidarar. Vi er opne for vidareutdanning om det er eit ynskje. Sjukepleiarar kan og bli spurt om særskilte oppgåver gjennom året, dette kan vere blant anna vaksinering, noko ein ynskjer fordjuping i, og andre utfordringar.
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunkt er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for unntak frå offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.