Sandsli vidaregåande skule har om lag 650 elevar og 80 tilsette. Skulen ligg sentralt i Ytrebygda bydel med god offentleg kommunikasjon. Programområda våre er studiespesialiserande og restaurant- og matfag. I tillegg har vi både innføringstilbod og vaksenopplæring. Innføringsklassane er eit tilbod til ungdom i alderen 16-18 år som er nykomne til Noreg. Sandsli vidaregåande skule arbeider aktivt med å utvikle organisasjonen og studietilbodet, slik at tilbodet til den einskilde elev skal bli best mogleg. Sandsli vidaregåande skule er kjend for godt skulemiljø, og resultata i ulike undersøkingar viser høg trivsel blant elevane, og at svært mange elevar får ei god fagleg utvikling.
For meir informasjon om skulen sjå https://www.sandsli.vgs.no/
For fellesfag har vi ledig årsvikariat på følgande:
- Norsk på studiespesialiserande og yrkesfag: 66 %
- Spansk: 20,4 %
- Religion: 14,76 %
Engelsk: 24,24 % - Norsk i innføringsklasse (2 klasser): 115 %
- Engelsk i innføringsklasse (2 klasser): 34,38 %
- Kroppsøving omlag 30 %
Vi ønskjer at søkjarar kan kombinere fleire fag. Det kan og bli lagt kontaktlærarressurs til nokre av stillingane. Det er ein fordel at søkjarar til stillingane i innføringsklassane har praktisk erfaring frå tilsvarande arbeid.
Det blir teke atterhald om tilsetjing, då overtalige ved andre skular kan ha førerett til stillingane. Det blir og teke atterhald i forhold til endringar i stillingsplanarbeidet og prosess knytt til aktuelle permisjonssøknader.
Kvalifikasjonar
- Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jf. Opplæringslova.
- Søkjarar må ha gode IKT-kunnskapar, og interesse for å bruke IKT i undervisninga.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer etter lærarar
- som klarar å skape gode relasjonar til elevane, og som er opptatt av å motivere elevane til både fagleg og sosial utvikling.
- som har eit høgt fagleg engasjement, og som er interesserte i å prøve ut nye arbeidsmåtar.
- som har interessere for pedagogisk utviklingsarbeid, tverrfagleg arbeid og kollegasamarbeid.
- som er villig til å yte ein ekstra innsats ved arrangement saman med elevar på ettermiddag eller kveld.
- som arbeider strukturert og sjølvstendig.
- som har gode samarbeidsevner og høg arbeidskapasitet.
Vi tilbyr
- Ein spanande arbeidsplass med engasjerte kollegaerGode forsikrings- og pensjonsordningar
- For stillinga gjeld løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov- og avtaleverk.
- Søknad sender du ved å bruke elektronisk søknadsskjema. Vitnemål må lastast opp saman med søknaden. Ta med attestar og vitnemål til eit eventuelt intervju. Gje opp minst to referansar.
Kontaktinformasjon
Birger Danielsen, Avdelingsleiar, +4791804380,
[email protected]
Lise Lien, Avdelingsleiar, +4748025109,
[email protected]
Bengt Håkon Lund, Rektor, +47 40105611,
[email protected]
Arbeidsstad
Sandslimarka 51
5254 Sandsli
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 4951874507
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 25.04.2025