Lignende stillinger
Vestland tannhelseteneste, Sør-Aust tannhelseområde har ledig 100% stilling som tannlege frå 01.05.2025. Tenestestad er for tida ved Bremnes tannklinikk. Bremnes tannklinikk er ein klinikk for 3 tannleger og 2 tannpleiere. God pasienttilgang og varierte arbeidsoppgaver.
I øykommunen Bømlo er du aldri langt frå sjøen. Du kan oppleva vill og rå sjø, men også milevidt, blenkjande hav med Nordsjøen som næraste nabo. Kommunen er eit eldorado for fiskeinteresserte. Frå Siggjo (474 m.o.h.), den høgaste fjelltoppen, er det utsyn frå Folgefonna i aust til Haugesund i sør, og dette populære turmålet har har vore og er eit kjent landemerke.
Bømlo har også rikt kulturtilbod bl.a kulturhus, kino, teater og Moster amfi.
Fakta
Folketal: 12 301 pr. 2 kvartal 2024
Flateinnhald: 247 km2. Siggjo - høgaste fjelltopp 474 moh. Ca 1010 trappetrinn opp lagt av sherpaer i Laksatrappo, med fleire flotte rasteplassar.
Landfast via Trekantsambandet – mellom 1 og 2 timar til flyplassar på Stord, Haugesund og Bergen (via hurtigbåt Rubbestadneset -Flesland)
Vi søkjer ein sjølvstendig, ansvarsbevisst og initiativrik medarbeidar.Vi søkjer ein sjølvstendig, ansvarsbevisst og initiativrik medarbeidar.
Likar å jobbe med menneske og set pasienten i fokus
Arbeidar sjølvstendig og meistrar travle dagar
Er positiv og serviceinnstilt
Har fagleg integritet og fokus på fagleg utvikling
Bidreg til god arbeidsmiljø på klinikken
Har evne til å skape gode relasjonar med pasientar, pårørande, medarbeidarar og andre samarbeidspartnarar
Ynskjer å være med å utvikle Vestland tannhelseteneste
Det vert vektlagt at søkjar er personlig eigna til stillinga
Vi tilbyr løn etter avtale med ei minsteløn på 640 000 + rekrutteringstillegg. Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår.
Andre opplysningar
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar i Vestland fylkeskommune vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følge offentleglova §25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på ei slik liste. Om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du bli varsla før søkjarliste vert offentleggjort