Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Stillingsannonsen er inaktiv

Lærar på ungdomstrinnet

Vindafjord kommune Skjold skule

Vikanesvegen 4, 5574 VINDAFJORD
Fast
Offentlig
Heltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

Frå hausten av har me ledige lærarstillingar i ulike stillingsstorleikar, heiltid og deltid. Stillingane er faste.

Hovudarbeidsoppgåver:

  • Oppfølging av elevane si faglege og sosiale utvikling på ungdomstrinnet.

Kvalifikasjonar:

  • Lærarutdanning (5.-10. eller 8.-13) eller anna relevant undervisningskompetanse.
  • Det er eit ynskje at den som søkjer har erfaring med å undervise på ungdomstrinnet.
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

Personlege eigenskapar

  • Tydeleg klasseleiar
  • Eit inkluderande og positivt elevsyn. Engasjement for barn er ein føresetnad.
  • Evne til å tenkja nytt og opptatt av pedagogisk utvikling
  • Strukturert og sjølvstendig
  • God relasjonskompetanse
  • Fleksibel og løysningorientert
  • Positiv og utviklingsorientert
  • Evne til å bygge gode relasjonar til eleven og føresette

Personleg eigenhet vektlegges særleg

Me kan tilby:

  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
  • Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
  • Moglegheiter for å søka om stipend for relevant kompetanseutvikling.
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di. Som nyutdanna lærar vil du få ein eigen mentor.
  • Kjekke tilsettgoder som blant anna gratis parkering, rabatt på treningssenter og tilbod om gunstig mobilabonnement.
  • Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord).
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. 
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Andre opplysningar:

  • Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
  • Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for tuberkulinstatus, før tiltredelse. 

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.


Link til søknadsskjema: Søk her