Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Ringevikarar -  Lindås ungdomsskule

Alver kommune

Veråsvegen 71, 5955 ALVER
Vikariat
Offentlig
Deltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

Om stillinga

Lindås ungdomsskule ønskjer å knyte til seg personar som skulen kan ringje når dei har behov for lærarvikarar, barne- og ungdomsarbeidarar og pedagogisk medarbeidarar til skule og SFO.

Det kan også verte aktuelt med kortare og lengre vikariat.

Vi ligg sentralt plassert i Lindås bygda med utsikt over Lindåsosane. Vi har totalt 158 elevar fordelt på 7 klassar. Vi har fokus på vurdering, lesing og elevmedverknad. Frå i haust er vi igang med ny organisering rundt dei grunnleggjande faga. Vi er godkjent innan Erasmus og skal samarbeide med ein skule i Tyskland om bruk av KI i undervisninga.


Arbeidsoppgåver

Hovudoppgåva som ringjevikar er å gå inn i den stillinga der det er fråvær og behov for vikar.


Kvalifikasjonskrav

For stillinga som lærarvikar er det ønskjeleg med godkjent lærarutdanning, eller under pedagogisk utdanning. Søkjarane må minumim ha studiekompetanse.

For stillingane som barne- og ungdomsarbeidar er det ønskjeleg med fagbrev, men vi oppmodar også personar med relevant erfaring/realkompetanse til å søkje.

Gyldig politiattest etter opplæringslova må leggast fram.


Vi tilbyr

Stillinga er timeløna. Løn ut frå kompetanse og erfaring.