Lignende stillinger
Vil du jobbe som HR-rådgjevar i ei kompleks og spennande verksemd med eit meiningsfylt samfunnsoppdrag?
I Vest politidistrikt har vi ledig ei fast stilling som HR-rådgjevar ved Seksjon for HR. Seksjonen er ein del av Stab for HR og HMS som er ein strategisk leiarstøttestab for politimeisteren og hans leiargruppe i Vest politidistrikt.
Som HR-rådgjevar vil du få ansvar for ein eller fleire driftseiningar innanfor alle HR-relaterte saker. Det inneber å rådgi og sparre med leiarane i driftseiningane for å gjere dei i best mogleg stand til å løyse oppgåvene sine.
HR-seksjonen består av 11 dyktige medarbeidarar med variert utdanningsbakgrunn og god spreiing på alder og kjønn. Vi har eit godt arbeidsmiljø med stor takhøgd, og er opptekne av å spele kvarandre gode. Vi holder til i lyse og trivelige lokaler, og sitter i åpent kontorlandskap.
Politietaten er i eit pågåande prosjekt for å skru saman framtidas HR i politiet. Det inneber mellom anna standardisering og digitalisering av HR-prosessar, og større grad av fagleg samarbeid og erfaringsdeling på tvers av politietaten. Vi har eit høgt HR-fagleg nivå og er opptekne av å kontinuerleg utvikle oss.
Vi ser etter deg som vil bidra til god HR-fagleg kvalitet i møte med leiarar og medarbeidarar i Vest politidistrikt. Vil du vere med oss på laget?
Nødvendig:
Ønskjeleg:
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk bevissthet, du er modig og heilhetsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om våre etiske retningslinjer og medarbeiderplattform her:
Generelt
Politiet meiner at inkludering og mangfold er ein styrke. Vi treng medarbeidarar med ulik kompetanse, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgaveløysing. Så langt det er mulig vil vi leggje tilrette for medarbeidarar som treng for det.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hull i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi innkalle minst ein søkjar i kvar av disse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i disse gruppene, det vil si positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav.
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber vi deg om å registrere utfyllande CV i vår rekrutteringsportal og laste opp relevante attestar og vitnemål. Dersom du har funksjonsnedsetjing, hull i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppfordrer vi deg til å krysse av for dette i vår rekrutteringsportal. Avkrysning gjer grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege virksomheter rapporterer i sine årsrapporter.
Du kan lese mer på arbeidsgiverportalen https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling.
Opplysingar om deg kan bli gjort offentleg sjølv om du har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.
Dersom ønsket ditt ikkje blir tatt til følge, vil du bli varsla om dette.