Lignende stillinger
Vi søkjer
Vikarar og faste tilsette som kan jobba i helger og feriar. Det er eit ynskje å knyta til seg studentar som held på med utdanning med tanke på framtidig rekruttering i kommunen.
Kvinnherad kommune vil som ledd i rekrutteringsarbeid tilby ordning med stipendløn for helsefagleg høgskuleutdanning og lærarutdanning. Dette vil væra eit alternativ til dei ordningane som allereie fins i strategisk kompetanseplan og ordningane kan ikkje kombinerast.
Tilsette som allereie har avtale som går ut 31.08.24 må søkja på nytt. Tiltreding 01.09.2024.
Stipendordning:
Er ei ordning der studentar får eit stipend på kr. 2000,- kvar mnd. i tillegg til ordinær løn for fast helg og ferievikariat. For å få ei slik avtale må det lagast avtale mellom student og Kvinnherad kommune. Avtalen følger skuleåret og forutsetter at studenten binder seg til helgearbeid ca. 13 % stilling med arbeid 14 helger pr. år og ferievikariat med minimum varighet på 5 veker i 80 - 100 % stilling. Ferie må avtalast med nærmaste leiar ut frå behov for ferievikarar. Helger i sommarvikariatet tel med talet på helger ein skal jobbe i løpet av året. Det er mogleg å arbeida inn helger om dette lar seg gjera for avdelinga sin drift om studenten har behov for dette t.d. i samband med praksisperiodar.
Bindingstida er 12 månader frå oppstart av ordninga.
Personlege eigenskaper
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.
Vi tilbyr