Lignende stillinger
Nav fylkeskontor Vestland har det overordna ansvaret for gjennomføringa av arbeids- og velferdspolitikken i Vestland med styringsansvar for ni regionar og ei spesialeining. Fylkeskontoret er lokalisert i Bergen med 45 tilsette fordelt på fire avdelingar; avdeling HR og organisasjon, avdeling partnarskap og kommunikasjon, avdeling fag og tenester og avdeling økonomi og analyse.
Vi ønsker å styrke vår arbeidsrettslege kompetanse og ser no etter ein dyktig HR-jurist med nyare arbeidserfaring frå arbeidsrettslege problemstillingar. I denne rolla vil du fungere som juridisk støtte for leiarane i Nav Vestland, og bidra i formidlings- og opplæringsverksemd. Du får moglegheita til å kombinere juridisk kunnskap med HR, og du vil spele ei sentral rolle i utviklingsarbeidet mot dei ulike Nav-kontora i fylket.
Som HR-jurist vil du samarbeide tett med vår HR-jurist og andre kollegaer på fylkeskontoret. I avdelinga har vi dyktige fagpersonar med brei kompetanse innan HR, HMT, leiarutvikling og innovasjon.
Vi kan love innhaldsrike og utviklande arbeidsdagar i ein organisasjon som aldri står stille!
Det er ein fordel om du også har:
Vi ser etter deg som likar formidling og kunnskapsdeling, og som klarer å lære frå deg og formidle juridiske reglar på ein enkel måte. Du er interessert i fagutvikling, og tar initiativ til å holde deg oppdatert på fagfeltet ditt. Stillinga har mange ulike kontaktpunkt, og det er derfor viktig at du kommuniserer godt og kan samarbeide på tvers av team og fagområde.
Noko av det som gjer stillinga spennande er variasjonen i arbeidsoppgåver, men det krev samtidig at du er løysingsorientert og klarer å veksle mellom operative og strategiske oppgåver. For å lukkast i stillinga er det også ein fordel at du er strukturert og trivst med sjølvstendig arbeid.