Lignende stillinger
Avdeling for avlastning og oppfølging er i dag ein del av Eining for habilitering i sektor for rehabilitering, helse og omsorg (RHO). Frå nyttår skal avlasting og oppfølging av born og unge i sin heilskap vera organisert under sektor for oppvekst og kultur(OKU). Dette er eit ledd i Stord kommune sitt arbeid for å sikra heilskaplege tenester til barn og unge. Avdelinga vert då ein del av eininga Førebyggjande tenester.
Avdelinga har base i avlastingsbustaden i Sævarhagen, der ein flytta inn i heilt nytt og moderne bygg i 2023.
Det er ledig fast 100% stilling som avdelingsleiar for avlasting og oppfølging.
Me søkjer ein leiar som
vil utvikla og leia arbeidet i avdelinga i samarbeid med tenestemottakarar, føresette og tilsette
er resultat- og utviklingsorientert, legg vekt på å sikra kvalitet av tenestene og har evne til å nå dei måla ein set
er godt kjend med og har god kompetanse på gjeldande lover og forskrifter for området og kommunen sine plikter i medhald av desse
har arbeidsglede, godt humør og gode samarbeidsevner
er positiv, engasjert, strukturert og samlande
veit korleis ein skal byggja ein god organisasjonskultur og har evne til å skapa eit godt utviklings- og arbeidsmiljø
Arbeids- og ansvarsområde for avdelingsleiar:
Dagleg drift i Sævarhagen avlastingsbustad, følgje opp private avlastarar og vedtak om omsorgsstønad.
Følgja opp eininga og avdelinga sine målsettingar
Ansvar for at me yt tenester av god kvalitet innanfor tildelte rammer og i samsvar med tenestemottakarane sine vedtak og plan for tiltak
Personaloppfølging
Samarbeida og dele kompetanse på tvers av avdelingar og einingar
Kjenne til og nytta seg av avdelingane sine prosedyrar og rutinar
Turnusplanlegging
Internkontroll
Kvalifikasjonskrav:
Søkjarane bør vera vernepleiar eller sjukepleiar, men anna relevant utdanning på bachelornivå vil og kunna verta vurdert.
Kompetanse og erfaring innan administrasjon/ leiing vil bli vektlagt.
I tillegg til formell kompetanse og erfaring vil ein og leggja vekt på personleg eignaheit til stillinga.
Førarkort klasse B er ein fordel.
Me kan tilby:
Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
Godt arbeidsmiljø
Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt, trimrom og utleige av tilhengar mm.
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Offentleg tenestepensjon i KLP.
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Nærare opplysningar får ein ved å venda seg til einingsleiar for Førebyggjande tenester Birthe Blokhus tlf. 920 64 415