Lignende stillinger
Vi tilbyr spanande sommarjobb! Frå 23.6.25 til 10.8.25 har vi ledige stillingar, inntil 100 %, som ferievikar i tenesteområdet Bu og habilitering. Vi treng både sjukepleiarar, vernepleiarar, sosionomar, fagarbeidarar, studentar og ufaglærte. Tilsetting vert gjort fortløpande.
Vi ber deg skrive litt om deg sjølv i søknaden, når i perioden du kan arbeide og om du har særskilt ønske om arbeidsstad.
Søkjarar som kan arbeide heile perioden vert prioriterte.
Bu og habilitering er omfatta av desse avdelingane:
Tenesteområdet bu og habilitering yter tenester til menneske med utviklingshemming eller andre funksjonsnedsetjingar som treng tenester i form av praktisk bistand, opplæring, aktivisering i kvardagen, helsetenester i heimen og avlastning for barn og unge. Hjå bu og habilitering får du jobbe tverrfagleg med andre yrkesgrupper og instansar. Vi søkjer deg som har erfaring frå eller har interesse for arbeid med menneske med ulike utfordringar og behov, som likar å jobbe med varierte oppgåver i team og sjølvstendig. Det vil bli gitt naudsynt opplæring i føre arbeidet tek til. Avdelingane i bu og habilitering har døgndrift gjennom heile veka, arbeid på helg skal samsvare med behovet på avdelinga. Vi jobbar med årsplanlegging og oppgåvedeling for å sikre fagkompetanse gjennom heile døgnet og året. Du vil kunne få moglegheit til å gå langvakter på helg og i vekene. Dette vil gi deg fleksibel turnusordning og ein trygg arbeidskvardag med kjende kollegar på vakt.
Tenesteområdet har hatt ei auke i oppdrag siste åra noko som gir rom for fagleg utvikling og utfordringar i arbeidskvardagen. Tenesta har eit stort fokus på fag og den enkelte brukar si utvikling og behov. Vi søkjer etter deg som kan vere med å bidra inn i eit godt fag- og arbeidsmiljø, har godt humør og ståpåvilje.
Som ferievikar hos oss får du ein variert arbeidsdag og i lag med mange kjekke medarbeidarar! Du møter mange nye menneske og får med deg ei god arbeidserfaring vidare i arbeidslivet. Om du ikkje bur i Ørsta, kjem du i tillegg til ei nynorskbygd i hjartet av Sunnmørsalpane med eit mangfald av flotte turmål.
Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP for dei tilsette
Tilsetjing skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement.
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at attestar og vitnemål scannast og lastast opp som vedlegg til søknaden din.
Ørsta kommune tilbyr følgande lønsnivå til studentar innan helse- og sosialfag*: