Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Stillingsannonsen er inaktiv

Kommunalsjef for helse og omsorg

Bykle kommune, Bykle

Sarvsvegen 14, 4754 BYKLE
Fast
Offentlig
Heltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

Bykle kommune har god økonomi og er ein veldrive organisasjon som leverer gode tenester til innbyggarane. Kommunen har vedteke ei endring i leiarstrukturen med innføring av kommunalsjefnivået og etablering av tre kommunalsjefområde; samfunn, oppvekst og kultur, og helse og omsorg. Endringa inneber at kommunen får tre leiarnivå der kommunedirektør sit med leiaransvaret for heile kommunen, kommunalsjefane for sitt område, og verksemdsleiarane for sin verksemd.
Det bur noko over 1000 innbyggarar i kommunen, men som ein stor turistkommune har vi mange gjesteinnbyggarar. I kommunen finn ein gode tilhøve til natur- og friluftsaktivitetar, eit rikhaldig aktivitetstilbod og eit stort utval butikkar og servicetilbod. Bykle kommune har ein rekke innbyggargodar og tilskotsordningar som gjer det attraktivt å busette seg i kommunen. Du finn meir informasjon om Bykle kommune på www.bykle.kommune.no.

Bykle kommune søkjer:
Kommunalsjef for helse og omsorg

Bykle kommune ser etter ein fagleg dyktig, systematisk og utviklingsorientert kommunalsjef for helse og omsorg.
Vi tilbyr god løn, gode pensjonsordningar og gode velferdstilbod. Den som vert tilsett vil få moglegheit til å utvikle gjennom kompetanseheving og leiarutviklingsprogram.
Stillinga har varierte og utfordrande oppgåver, og er sentral i det strategiske utviklingsarbeidet i kommunen.

Om stillinga

Kommunalsjef for helse og omsorg er ei ny stilling som skal ha det overordna faglege, strategiske og administrative ansvaret for helse- og omsorgssektoren i Bykle kommune.
Stillinga svarar direkte til kommunedirektøren, har delegert mynde innanfor for sitt kommunalsjefområde og inngår i den strategiske leiargruppa i kommunen.
Som kommunalsjef  vil du vere tett på avgjerdsprosessane, og arbeide i grensesnittet mellom politikk og administrasjon.

Kommunalsjefområdet består av to verksemder:
Helsetenesta
Pleie- og hjelpetenesta

Helsetenesta i Bykle og Valle er eit interkommunalt samarbeid som yter helsetenester i Bykle kommune og Valle kommune. Bykle kommune er vertskommune. Verksemda er leia av ein verksemdsleiar og har totalt 24 tilsette innanfor tenesteområda legevakt, fastlege, fysio- og ergoterapi, jordmor, psykisk helse og familiestøtte, og helsestasjon og skulehelse.
Pleie- og hjelpetenesta yter pleie- og omsorgstenester i Bykle kommune. Verksemda er leia av ein verksemdsleiar og har totalt 49 tilsette innanfor tenesteområda sjukeheim, heimebaserte tenester, dagaktivitetstilbod og habilitering.
Flyktningtenesta er eit tenesteområde som ligg direkte under kommunalsjefen. Tenesta vert leia av ein koordinator.


Arbeidsoppgaver

Leie, drive og utvikle kommunalsjefområdet i tråd med politiske mål og vedtak, kommunens planar og reglement, lover, forskrifter, retningsliner og regelverk
Bidra til utarbeiding, oppfølging og realisering av strategiske planar
Budsjettering, økonomistyring og -rapportering
Personalansvar for, samt fagleg og administrativ oppfølging av, verksemdsleiar og eventuelle andre stillingar direkte underlagt kommunalsjefen 
Sakshandsame og utarbeide avgjerdsgrunnlag, samt iverksette politiske vedtak
Bidra til heilskapleg tenesteyting og god samhandling på tvers av sektorar
Samarbeid med andre kommunar og offentlege verksemder
Intern og ekstern kommunikasjon
Delteke i politiske utval etter delegasjon 

Kvalifikasjoner

Relevant høgare utdanning, fortrinnsvis på masternivå
Leiarutdanning eller- erfaring er ein fordel
God kunnskap om kommunal verksemd
God kjennskap til lover, forskrifter, styringssystem og offentleg forvaltning
Erfaring frå økonomi- og personalansvar er ein fordel
Gode digitale ferdigheiter

Personlige egenskaper

Strategisk og målretta med evne til å sjå heilskap
Tydeleg, inkluderande og utviklingsorientert leiarstil
Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Trygg i møte med både faglege utfordringar og politiske prosessar
Evne til å inspirere, bygge relasjonar og engasjere folk

Personleg eignaheit vert vektlagd

Vi tilbyr

Ei spennande og samfunnsviktig leiarstilling i ein utviklingsorientert og økonomisk robust kommune
Eit engasjert fagmiljø med dyktige medarbeidarar
Gode moglegheiter for fagleg utvikling
Løn etter avtale
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Velferdstiltak som skapar trivsel og samhald
Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad
Flyttegodtgjersle etter eige reglement
Bedriftsleilegheit i Kanalbyen, Kristiansand

 

Andre opplysningar  

Oppdatert CV, vitnemål og attestar skal lastas opp i Webcruiter. Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju.
Gyldig politiattest må fremsynas før tiltreiing
Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtaler. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot.
Bykle kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søke hos oss.
Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men då må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før offentleggjering.
 
Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar.

Kontaktinformasjon

Karina Sloth, Kommunedirektør, +47 48008006

Arbeidssted

Sarvsvegen 14
4754 Bykle

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Bykle

Referansenr.: 4977503480
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.06.2025