Lignende stillinger
Vestland fylkeskommune og avdeling Infrastruktur og veg (INV) skal sikre og utvikle gode og vekstkraftige lokalsamfunn, og sterke by- og senterområde.
Vi skal bygge framtidsretta infrastruktur, som skal betre sambanda internt i regionen og gje gode kommunikasjonar mot resten av landet. Avdeling for infrastruktur og veg jobbar for framkome og trafikktryggleik for alle trafikantar på fylkesvegane våre.
Planlegging- og utbyggingsseksjonen har ansvar for planlegging og bygging av fylkesvegar, gang- og sykkelvegar, tunnelar og bruer i Vestland fylke. Seksjonen dekker fagområda planlegging, prosjektering, grunnerverv, geomatikk, geologi, geoteknikk, vegteknologi og utbygging.
Utbygging nord har ansvar for utbyggingsprosjekt i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn, og to av dei største prosjekta våre for tida er Ytre Steinsund bru i Solund, og rassikring av fv. 609 Heilevang i Sunnfjord.
Som kontrollingeniør vil hovudoppgåva di vere å kontrollere og fylgje opp entreprenøren sitt kontraktsarbeid i samarbeid med byggeleiar og prosjektleiar.
Du skal også
For å Iøyse desse oppgåvene er det viktig at du er ryddig og kan arbeide systematisk med dokumentasjon. Du bør også ha gode kunnskapar i bruk av IKT som arbeidsverktøy.
Vi kan love deg varierte arbeidskvardagar i eit av dei fremste byggherremiljøa i regionen, der du får meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver med mykje ansvar. Arbeidsmiljøundersøkelsar syner at vi har eit veldig godt arbeidsmiljø med engasjerte og kompetente medarbeidarar som trivst saman på jobb og utfordrar kvarandre fagleg. Vi har eit sterkt fagmiljø som er gode på kunnskapsdeling og inkludering, og det er gode mogelegheiter for både fagleg og personleg utvikling.
I Vestland fylkeskommune har vi fleksibel arbeidstid, gode forsikrings- og pensjonsvilkår og er tilslutta bedriftshelseteneste.
Anna informasjon: