Lignende stillinger
Voss bygdeboknemnd vart oppretta i 1962 og har gjeve ut fleire gards- og ættesoger i tillegg til å vera medansvarleg for det årlege utgjevinga av Gamalt frå Voss. Bygdeboknemnda står ansvarleg for utgivinga av Vossaboka som er ei fullstendig Gards- og ættesoge frå 1930 og fram til i dag. Det er skrive fire band, og mykje av arbeidet med band 5 er gjort. Det skal skrivast til saman sju band i tillegg til boka om Vangen.
Bygdeboknemnda søkjer no ny redaktør for utgjeving av band 5-7. Boka om Vangen er ikkje planlagt for i denne omgangen.
Arbeidsoppgåver
Me tilbyr:
Kvalifikasjonar
Anna
Kontakt:
For meir opplysningar sjå Voss Bygdeboknemnd - Voss herad
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.