Lignende stillinger
Vil du ha ei helgestilling med meining?
Me ynskjer deg som er engasjert, har overskot, og likar tanken på å arbeida med og for menneske.
Me ønskjer å bidra til at tenestemottakarane kan oppretthalda god livskvalitet, ha gode relasjonar til dei rundt seg og ta del i meiningsfullt arbeid og aktivitet.
Me har eit godt arbeidsteam med erfaring og utdanning på tvers av ulike fagkompetansar. Bufellesskap Øystese gjev teneste til personar i 5 ulike bufellesskap: Grope, Gropaflaten, Utsikten, Stoppelsgjerd og Bergtun.
Ta kontakt med oss i dag og få meir informasjon om helgestillingane. Velkomen som søkjar!
Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden. Ved tilsetjing skal det leggast fram vitnemål og attestar.
Du er/har:
Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Ester Hauger, Leiar bufellesskap, +47 906 41 401
Arbeidsgivar: Kvam herad
Referansenr.: 4859607645
Stillingsprosent: 16%
Fast
Startdato: 01.11.2024
Søknadsfrist: 13.10.2024