Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Stillingsannonsen er inaktiv

Kommuneoverlege/Fastlege

Helsetenesta i Bykle og Valle, Bykle

Sarvsvegen 14, 4754 BYKLE
Fast
Offentlig
Heltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

Helsetenesta er eit vertskommunesamarbeid mellom Bykle og Valle kommunar. Bykle er vertskommune. Helsetenesta i Bykle og Valle er ansvarleg for tenesteområda: Lege, beredskapslegevakt, fysioterapi, jordmor, helsestasjon, skulehelseteneste og psykisk helse og familietstøtte. Vi har tre Legekontor, eit i Valle, eit i Bykle og eit på Hovden med i alt 4 fastlegestillingar og 2 LIS1-stillingar. Legekontora har 3 sjukepleiarar kvar og er svært godt utstyrt med m.a. digitalt røntgenutstyr, ultralyd og labratorium. Arbeidsoppgåvene i Bykle og Valle er varierte og spennande. Våre to kommunar har totalt noko over 2200 innbyggjarar, men som utprega turistkommunar er vi mange fleire i høgsesongen.

Kommuneoverlegen er organisatorisk plassert i kommunedirektøren sin stab, med kommunedirektør som næraste overordna.

Du vil oppleva varierte oppgåver. Vi ligg 3 timar reiseveg frå sjukehus og mange problemstillingar vert difor løyst lokalt. Kontoret har digitalt røntgenapparat med avtale om tolking av bilde frå spesialisthelsetenesta. Ein del enkle brotbehandlingar skjer hjå oss. Vi har i tillegg utstyr til ultralyddiagnostikk. Kommunane er typiske turistdestinasjonar og det er ein sesongvariasjon med omsyn til populasjon og problemstillingar. Om sumaren er det vanleg at vi er samlokalisert i Bykle helsehus. Vi er et helsesamarbeid, som betyr at du til tider må kunne jobbe både på Hovden, i Bykle eller i Valle.

Arbeidsoppgaver

Som kommuneoverlege

  • Ta vare på samfunnsmedisinske oppgåver: miljøretta helsevern, smittevern, psykisk helsevern, helsemessig og sosial beredskap, medisinskfagleg rådgiving jf. helse- og omsorgstenestelova §5-5, helsestatistikk og epidemiologi, kommunal planlegging og beredskap jf. folkehelselova §4, 5 og 6
  • Ivaretakelse av andre oppgåver som i lovgivning er særskilt tillagt kommuneoverlegen
  • Utarbeide folkehelseoversyn og delta i kommunen sitt folkehelsearbeid
  • Delansvar i planarbeidet retta mot kommunale helsetenester
  • Bidra i samhandlinga med spesialisthelsetenesta og andre kommunale helsetenester
  • Fagansvar for fastlegeordninga og oppfølging av fastlegar i kommunen
  • Arbeide tett saman med tenesteleiar helse og vera støttespelar
  • Overordna ansvar for kommunen sine oppgåver i ny spesialistutdanning
  • Sakshandsaming av politiske saker innan fagfeltet
  • Delta i kommunen sine kriseberedskap
  • I stillinga inngår det 50% kommunalt fastlegearbeid
  • Det vert teke atterhald om endringar i arbeidsoppgåver

Som fastlege

  • Generelle allmennmedisinske oppgåver i uselektert fastlegepraksis, inkludert daglegevakt
  • Beredskapslegevakt og bakvakt for LIS1
  • Spennande akuttmedisinske problemstillingar knytt til skadehandtering og liknande

Kvalifikasjoner

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Fortrinnsvis spesialist i samfunnsmedisin, men spesialister i allmennmedisin kan og søke
  • Søkjare utan spesialisering i samfunnsmedisin må gjennomføre dette utdanningsløpet. Kommunen har avtale om individuell vegleiing med spesialist i samfunnsmedisin med efaring frå tenesta
  • Me ynskjer røynsle frå samfunnsmedisinsk arbeid i kommunen, fastlegearbeid, kommunal fastlegeteneste og/eller samarbeid med spesialisthelsetenesta
  • God framstillingsevne på norsk, både munnleg og skriftleg, samt grunnleggjande engelskkunnskapar
  • Førarkort klasse B
  • God digital kompetanse

Personlige egenskaper

  • Stor interesse og engasjement for samfunnsmedisin
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Analytisk, strukturert, fleksibel og evne til å tenke heilskapleg
  • Handlekraftig og lojal
  • Oppteke av endrings- og forbetringsarbeid
  • Systematisk og pålitelig arbeidsstil
  • God klinisk vurderingsevne
  • Du er parat til å dele din kunnskap med, og lære av andre
  • Du er oppteke av eit godt arbeidsmiljø og bidrar aktivt til dette
  • Personlege eienskaper vil vert lagt vekt på

Vi tilbyr

Engasjerte og erfarne legekollegaer og medarbeidarar
Hektisk, spennande og utfordrande fastlege- og legevaktjobb
Gode samarbeidspartnarar
Fastlønn etter avtale og beredskapsvakter lønnast med «Nord-Noreg-tillegget»

Flott natur med gode friluftsmoglegheiter

Storbyliv tre timar køyreveg unna
Vi er behjelpelig med å skaffe bustad 

Andre opplysninger
Kommunen følgjer vanlege vilkår for avtaleheimler fastset i lov, forskrift og avtaler
Krav om politiattest ved tilsetjing
Oppdatert CV, vitnemål og attestar skal lastas opp i Webcruiter. Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju

Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtaler. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot. Bykle kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søke hos oss. Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men då må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før offentleggjering
Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar!

Kontaktinformasjon

Kjetil Juva, Lege med spesialitet, 97574410

Arbeidssted

Sarvsvegen 14
4754 Bykle

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Bykle

Referansenr.: 4884012203
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.12.2024