Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Stillingsannonsen er inaktiv

Kjøkkensjef ved Kviteseid omsorgssenter, kjøkken og vaskeri

Kviteseid Omsorgssenter

, KVITESEID
Fast
Offentlig
Heltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

Kviteseid kommune søkjer ein dyktig og engasjert kjøkkensjef i 100 % fast stilling. Me ser etter deg som brenn for ernæring, god mat, trygge rutinar og eit godt arbeidsmiljø, og som ønskjer å ta ansvar for både kjøkken og vaskeri.

Hva vi ser etter

Kvalifikasjonar:

  • Fagbrev som kokk

  • Leiarerfaring frå institusjonskjøkken eller tilsvarande er ønskeleg

  • God kjennskap til offentleg regelverk og krav til hygiene og næringsmiddeltryggleik

  • Gode digitale ferdigheiter og erfaring med fagrelaterte datasystem

  • Ha kunnskap om ernæring, kosthald og helse

  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk

Personlege eigenskapar:

  • Tydeleg, trygg og inkluderande leiarstil

  • Gode samarbeidsevner og evne til å motivere

  • Strukturert og løysingsorientert

  • Medverke til å skape matglede

  • Engasjement for fagleg kvalitet og brukarorientering

Arbeidsoppgaver

Om stillinga:

Du får det overordna ansvaret for drift og utvikling av kommunens produksjonskjøkken og vaskeriteneste. Arbeidet omfattar leiing, planlegging, kvalitetssikring og oppfølging av både fag og tilsette. Du vert ein viktig bidragsytar i arbeidet med å sikre gode måltid og hygieniske tenester for brukarar i kommunen.

Arbeidsoppgåver:

  • Dagleg leiing av kjøkken og vaskeri

  • Delegera personaloppgåver med arbeidsplanlegging og medarbeidaroppfølging

  • Menyplanlegging, innkjøp og kosthaldsstyring

  • Ansvar for internkontroll og HMS

  • Sørgje for god kvalitet og effektiv ressursbruk

  • Sørgje for at drift og rutinar følgjer gjeldande lover og forskrifter

  • Aktiv deltaking i utvikling av tenesta

  • Lage sesongturnus

  • Avviks handtering

  • Produksjon av diettar og spesialkost

Vi tilbyr

  • Ei viktig og meiningsfull leiarstilling i kommunen

  • Varierte arbeidsoppgåver i eit godt og fagleg sterkt arbeidsmiljø

  • Gode moglegheiter for utvikling

  • Svært god forsikrings- og pensjonsordning i Klp

  • Eit godt utstyrt kjøkken

  • Ein arbeidsplass der folk er snill med kvarandre

  • Jobb på dagtid og kvar 4. helg

  • Løn etter avtale