Lignende stillinger
Har du lyst til å jobbe i eit høgkompetent kontaktsenter med hjarte for gode brukarmøter? Kjenner du på at samfunnsoppdraget til Helfo gir deg stor motivasjon? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Helfo søkjer no ein rettleiar i mellombels stilling til avdelinga Helfo veiledning, som har arbeidsstad i Ørsta. Vi ynskjer, og vil leggje vekt på, at du kan byrje i stillinga så snart som mogleg. Stillinga er tidsavgrensa til 31. mars 2025. Det kan bli moglegheit for forlenging av stillinga.
I denne stillinga vil du gjere kvardagen enklare for helseaktørane. Helfo veiledning har ansvar for å gi rettleiing til helseaktørar i mellom anna regelverk, takstar og digitale tenester. Du vil skape gode brukaropplevingar for helseaktørane gjennom informasjon, rettleiing og brukarstøtte i fleire kommunikasjonskanalar.
Helfo veiledning er ei avdeling med om lag 30 medarbeidarar fordelt på to seksjonar. Vi er ein aktiv samfunnsaktør med engasjerte medarbeidarar. Avdelinga har ansvar for handtering av publikumstenester. Vi informerer og rettleier legar, tannlegar, fysioterapeutar og andre helseaktørar frå heile landet. I tillegg har Helfo veiledning ansvar for proaktivt og førebyggjande informasjonsarbeid mot helseaktørar.
Din faste arbeidsstad vil vere i våre nye og moderne kontorlokale sentralt i Ørsta.
Hovudoppgåva som rettleiar er å rettleie og gi informasjon til helseaktørar via telefon i opningstida frå klokka 08.00 til 15.30.
Du vil
Helfo er i ein utviklingsprosess. Du må difor vere innstilt på endring i arbeidsoppgåver.
Vi ser etter deg som har minimum 3 års høgare utdanning frå høgskule eller universitet innan fagretningane helse, sosial, kommunikasjon, pedagogikk eller liknande.
Ein kombinasjon av anna utdanning og relevant erfaring kan i enkelte tilfelle vege opp for utdanningskravet. Utdanning frå utanlandsk lærestad må vere godkjent av NOKUT for å bli jamstilt med utdanning frå norsk lærestad.
Du må også ha
Som rettleiar skal du rettleie i eit stort regelverksområde. Du bør difor ha ei særskilt interesse for å lese og forstå regelverk.
Vi ser etter deg som føretrekk å jobbe i ein planlagd kvardag med føreseielege rutinar og prosedyrar. Du jobbar sjølvstendig og er god på å strukturere arbeidsdagen, og du får gjennomført tildelte oppgåver.
Verdiane til Helfo er at vi skal vere lærande, interesserte, samarbeidande og ansvarlege. Desse verdiane er viktige for oss, og dei skal påverke korleis vi løyser oppgåvene våre kvar dag.
Stillinga blir løna etter kvalifikasjonar som rådgjevar (stillingskode 1434) i lønsspennet frå kroner 532.200 til 565.900 (lønstrinn 54 - 58).
Hos oss får du kollegaer som er stolte av jobben sin og utfører han med stort engasjement. Vi ønskjer deg velkomen inn i eit arbeidsfellesskap der tverrfagleg samarbeid er heilt avgjerande.
Mangfald i Helfo
Vi meiner at inkludering og mangfald er ei styrke og bidreg til endå betre oppgåveløysing og arbeidsmiljø. Vi ønskjer at våre tilsette skal representere heile befolkninga i Noreg, og vi vil ha tilsette med ulik alder, kjønn og bakgrunn. Vi vil leggje til rette for tilsette som har behov for det. Om du har hol i CV-en din, funksjonsnedsetjing eller innvandrarbakgrunn, vil vi oppmode deg til å krysse av for dette i Webcruiter når du søkjer stilling hos oss. Vi kallar inn minst éin kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Offentleggjering av søkjarlista
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarlista. Dette følgjer av offentleglova § 25. Det er mogleg å be om å bli utelaten frå søkjarlista. I so fall må du grunngje kvifor du ønskjer det. Om vi ikkje kan innvilge ønsket ditt, tek vi kontakt med deg på førehand. Sjølv om du har fått innvilga unntak frå offentlegheita, vil opplysningane dine stå på ei utvida søkjarlista. Denne lista vil berre andre søkjarar til stillinga kunne få.
Søk elektronisk
Du søkjer på stillinga via rekrutteringssystemet WebCruiter, der du fyller ut CV-en og søknadsfeltet. Du må leggje ved alle relevante attestar og dokumentere utdanninga di. Vitnemåla dine må lastast opp via Vitnemålsportalen, som du finn lenkje til i WebCruiter. Om du har utdanning frå utlandet, må den vere godkjend og dokumentert av NOKUT eller Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (hkdir.no).
Vi gjer merksam på at Helfo kan gjennomføre utvida bakgrunnssjekk for enkelte stillingar.
For meir informasjon om Helfo, sjå www.helfo.no