Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Stillingsannonsen er inaktiv

Sosionom i Legemiddelassistert rehabilitering

Psykiatrisk klinikk/ Legar i spesialisering i Psykiatrisk divisjon, Helse Bergen HF

Møllendalsveien 31, 5009 BERGEN
Fast
Offentlig
Heltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

Avdeling for rusmedisin (AFR) har ca 570 medarbeidarar. Avdelinga har ein LAR avdeling, to ruspoliklinikkar, ein ambulant seksjon og fleire døgnseksjonar, for både akutt- og planlagd behandling. Avdelinga er i ein spennande utvikling knytt til aukande differensiering av tenester for avhengigheitslidingar, fagleg integrasjon med psykisk helsevern, m.a. ved geografisk deling av alle poliklinikktenestene. Målsetting for integrasjonsprosessen er å utvikle tettare samhandling med DPSar og kommunale tenester. 

LAR er organisert i 6 geografiske seksjoner. Kvar seksjon er tverrfagleg samansett av psykolog, lege, sjuke- og vernepleiarar og sosionomar. LAR har ansvar for substitusjonsbehandling med LAR-legemiddel, samt psykososial behandling og rehabilitering av pasientar. Vi har eit stort fokus på å tilby LAR pasientar integrert behandling og rehabilitering i samarbeid med kommune og DPS. Trongen for behandling er stor og pasientane treng eit helse- og sosialfagleg tilbod som er tilpassa deira livsførsel og komplekse sjukdomsbilete.

Vi har ledig følgande stilling:

*  100% fast stilling for sosionom ved LAR Årstad

*  100% vikariat for sosionom frå 1 april 2025 - 31 mars 2026 ved LAR Øvregaten

Oppgi i søknaden kva stilling(ar) du søker. Begge stillinger er dagstilling med arbeidstid frå kl.08.00 -15.30. Arbeid kvar 4. laurdag, fri søndag. Det vil og bli arbeid på nokre helligdagar.


Arbeidsoppgåver

  • Som behandlar i LAR har ein ansvar for heilhetleg oppfølging og behandling til eit gitt tal pasientar
  • Poliklinisk oppfølging
  • Ambulant oppfølging av pasientar utanfor poliklinikk
  • Ein vil arbeide i tverrfagleg team med psykolog, lege, sjukepleiar, vernepleiar og sosionom der ein tar sentral del i utarbeiding og gjennomføring av plan for behandling
  • Aktiv deltaking i pasienten si ansvarsgruppe, der 1.linjeteneste og DPS er sentrale samarbeidspartnarar
  • Sikre forsvarleg utdeling av LAR legemiddel

    Kvalifikasjonar

    • Bachelor i sosialt arbeid
    • Erfaring frå arbeid innan rusbehandling eller psykisk helsevern, samt kommunale sosiale tenester eller andre kommunale behandlingstiltak for rusmiddelavhengige

    Personlege eigenskapar

    • Du har engasjement for fagfeltet og pasientgruppa
    • Du bidrar positivt til eit fagleg og godt arbeidsmiljø
    • Fleksibel, tåler uforutsigbarhet og evner å prioritere i stressande situasjonar
    • Du har god evne til tverrfagleg samhandling, samt evne til sjølvstendig arbeid
    • Du har gode kommunikasjonsferdigheiter
    • Du har god skrifteleg formidlingsevne for journaldokumentasjon
    • Du har evne og vilje til å inngå i langvarige og krevande behandlingsrelasjonar til pasientar

    Vi tilbyr

    • LAR er eit fagområde i stor utvikling. Vi kan difor love ein utfordrande og arbeidskrevjande kvardag i eit godt arbeidsmiljø
    • I LAR - poliklinikkane blir det lagt stor vekt på utvikling av medarbeidarars faglege kompetanse og evne til samhandling
    • Ein arbeider i team og vil få regelmessig rettleiing og undervising
    • Lønn iht gjeldande overeinskomst
    • Gode pensjons- og forsikringsordningar 

     

    Mangfaldserklæring
    Vi ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.  

    Kontaktinformasjon

    Katrine Varvik, Konst. seksjonsleiar, 98050854, [email protected]
    Arve Frostad, Seksjonsleiar , 92624782, [email protected]

    Arbeidsstad

    Nye Sandviksveien 84
    5032 Bergen

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Helse Bergen

    Referansenr.: 4904973128
    Stillingsprosent: 100%
    Fast, Vikariat
    Søknadsfrist: 27.01.2025