Vi i medisinsk avdeling ved Klinikk Ålesund sjukehus har stort behov for fleire tilkallingsvikarar.
Avdelinga har jamleg behov for personell på tilkalling som kan følge opp pasientar med behov for fastvakt. Det inneber at pasienten sin medisinske tilstand krever 1 til 1 tilsyn. Det vil vere varierande grunnar til at ein pasient treng fastvakt, men dei vanlegaste årsakene er demente, urolege og vandrande pasientar, døyande pasientar og ved behov for hjelp i matsituasjonar.
Du vil jobbe i tett samarbeid med det øvrige personale på avdelinga - og kun ha ansvar for tilsyn av ein pasient. Behovet vårt for fastvaktar vil gjelde på alle typar vakter, så det må vere av interesse å jobbe både dag, kveld, natt og på helg.
Vi ser etter deg som først og fremst har helsefagleg bakgrunn eller erfaring frå arbeid i helsesektoren, og ønsker å jobbe ekstra som fastvakt på medisinsk avdeling Ålesund sjukehus.
Aktuelle kandidater kan bli kontakta fortløpande. Startdato kan avtalast.
Ver venleg å laste opp dine attestar og vitnemål i søknaden.
Arbeidsoppgåver
- Har ein helsefagleg erfaring, så er det naturlig at man bidreg med stell/pleie av pasienten
- Det vil også vere enkelte pasientar ein må ha helsefagleg utdanning for å kunne være fastvakt på, men det blir vurdert i kvart enkelt tilfelle ved vaktinnleige
Kvalifikasjonar
- Sjukepleiarstudent
- Autorisert helsefagarbeidar (også lærlinger)
- Miljøarbeidar /miljøterapeut
- Legestudent
- Dei som vurderer å begynne på helsefagleg utdanning kan også søke, men man må vere fylt 18 år
- Pensjonert helsepersonell
- Bestått norsk prøve minimum nivå B2
Personlege eigenskapar
- Du bør trivast med å jobbe sjølvstendig
- Du er god til å skape tillit og relasjonar
- Du er ansvarsbevisst og etisk reflektert
- Du bør like å stå i hektiske situasjonar
- Du har gode samarbeidsevner
- Du er brukarorientert
- Personleg eignaheit
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Inger Kristin Reiten, Seksjonsleiar, medisinsk sengepost 1, 70105642,
[email protected]
Marthe Louise Rekdal Farstad, Seksjonsleiar, medisinsk sengepost 2, 99269202,
[email protected]
Ellen I Lagabø Molnes, Seksjonsleiar, medisinsk sengepost 5, 70105900,
[email protected]
Arbeidssted
Åsehaugen 5
6017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 4933539752
Stillingsprosent: 0%
Tilkalling/Timebasis
Søknadsfrist: 21.03.2025