I Vest politidistrikt, for tida Geografisk driftseining Bergen, Askøy og Øygarden, er det ledig eit antall faste IP3 - stillingar som politibetjent 1, 2 eller 3 ved UEH patruljeavsnitt, Bergen sentrum politistasjon. Stillingane er underlagt Seksjon for førebygging, patrulje og etterforsking, UEH patruljeavsnitt 1 – 3 for politipatrulje.
Seksjonen består av 7 avsnitt; UEH patruljeavsnitt 1 - 3, IP4 patruljeavsnitt, Avsnitt for politivakten, Avsnitt for generell etterforsking og Avsnitt for kriminalitetsførebygging.
Arbeidsoppgåver
- Bidra til effektiv og tydeleg kommunikasjon med medarbeidarar i eigen og andre seksjonar
- Vere med å utvikla ein kultur for openheit gjennom godt og aktivt medarbeidarskap
- Jobbe kunnskapsbasert med kriminalitetsførebygging som hovudstrategi
- Køyra patrulje, delta i løysing av akutte og planlagde oppdrag
- Følgja opp med nødvendige taktiske, tekniske og etterforskingsmessige gjeremål
- Gjennomføre etterforsking under patruljering med politiarbeid på staden (PPS) som arbeidsmetode
- Gjennomføre framstillingar og vakthald
- Gjennomføre tilbakemeldingsmøte, fagdagar, IP–treningar
- Andre oppgåver pålagt av overordna
Kvalifikasjonar
Nødvendig:
- Vitnemål frå Politiskulen/Politihøgskulen. Vedlagde karakterskjema skal fyllast ut og leggjast ved søknaden (trykk på lenke for vedlegg)
- IP3–godkjent eller kvalifisert og villig til å bli det
- Minimum 3 års erfaring frå arbeid innan vakt og beredskap/politipatrulje etter Politihøgskolen
- God skriftleg og munnleg framføring i norsk
- Kunne bruka dataverktøyet til politiet; av dette BL, Indicia, PO
Du må ha plettfri vandel og vera skikka for teneste i politiet og politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved ev. tilsetjing jfr. politilova § 18 og politiregisterlova § 41
Ønskjeleg:
- IP3–fagkompetanse er ein fordel, her eksempelvis kompetanse innan aksjonsleiing, breaching, gass, medic og/eller skarpskyttar
- Erfaring frå etterforsking er ein fordel
- Erfaring frå straffesaksetterforsking (minimum 1 år) er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og effektivt
- Gode samarbeidsevnar og evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Evne til å tileigna seg ny kunnskap
- Må kunne handtere endringar på ein positiv måte
- Vere serviceinnstilt og fleksibel i forhold til arbeidsoppgåver
- Løysingsorientert og med evne til å ta avgjerdar i pressa situasjonar
Som medarbeider i politiet har du høg etisk bevissthet, du kjennetegnes av å være modig og helhetsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese mer om våre etiske retningslinjer og medarbeiderplattform her:
vår medarbeiderplattform.Vi tilbyr
- Ein utfordrande og spanande arbeidsplass for deg som vil vere ein del av samfunnsoppdraget som politiet forvalter
- Stilling som politibetjent 3 (stillingskode 1461), vert for tida lønna frå lønnstrinn 56 / kr 548.600
Stilling som politibetjent 2 (stillingskode 1459), vert for tida lønna frå lønnstrinn 48 / kr 487.800
Stilling som politibetjent 1 (stillingskode 1457), vert for tida lønna frå lønnstrinn 44 / kr 460.600
Innplassering i samsvar med kompetansekriteria for politibetjent 3/2. Vidare lønnsutvikling vil skje gjennom lokale lønnsforhandlingar, jfr. hovudtariffavtalane i staten. - Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant anna gode pensjons- og forsikringsordningar (sjå https://www.spk.no/ for meir info)
Generelt
Politiet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me treng medarbeidarar med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Dersom det er mogleg vil me leggja til rette for medarbeidarar som har behov for det.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal me kalla minst inn éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i
desse gruppene, det vil seia positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylla visse krav.
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber me deg om å registrera utfyllande CV i rekrutteringsportalen vår og lasta opp relevante attestar og vitnemål. Dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar me deg til å kryssa av for dette i rekrutteringsportalen vår. Avkryssingane dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.
Du kan lesa meir på arbeidsgivarportalen https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling . Opplysningar om deg kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Vi ber om elektronisk søknad via lenka.
Saksnr.: 24/225993
Kontaktinformasjon
Ole Bjørn Sveen, Seksjonsleiar, 41612886
Spørsmål om elektronisk søknad/ CV, Seksjon for HR,
[email protected]
Arbeidssted
Allehelgens gate
Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Vest politidistrikt
Referansenr.: 4864972376
Stillingsprosent: 100%
Fast stilling
Søknadsfrist: 27.10.2024