Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

100 % avtaleheimel i klinisk psykologi i Bergensområdet

Helse Vest RHF

Knud Holms gate 8, 4005 STAVANGER
Annet
Offentlig
Heltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

100 % avtaleheimel for godkjend spesialist i klinisk psykologi er ledig frå 01.12.2025, eller etter avtale.

Sentrale moment i vurdering av søkjarane vil mellom anna vere:

  • erfaring med å drive sjølvstendig næringsdrivande praksis
  • erfaring og praksis, med vekt på erfaring som spesialist. Erfaring frå arbeid med vaksne vil bli tillagt vekt
  • evne til å gjennomføre målretta og avgrensa pasientforløp i tråd med mandatet til spesialisthelsetenesta
  • personlege eigenskapar
  • samarbeid med andre
  • innretning av praksis

Praksis skal drivast i samsvar med den til kvar tid gjeldande rammeavtale mellom Helse Vest RHF og Norsk psykologforening.


Arbeidsoppgåver

Avtalespesialisten skal bidra til å oppfylle ”sørge for” -ansvaret til Helse Vest. Det inneber mellom anna at avtalespesialisten foretar undersøkingar, diagnostikk og behandling i medhald av regionale og nasjonale mål og prioriteringar og lovgiving, jf. punkt 4.1 i rammeavtalen. Avtalespesialisten skal inngå samarbeidsavtale med Solli DPS. Det er etablert ei ordning der alle tilvisingar av pasientar til psykisk helsevern skal sendast til tilvisingsmottak ved helseføretaket/private ideelle ("ein-veg-inn"). Avtalespesialisten mottar pasientar frå Solli DPS.

Vilkår og rammer

Andre vilkår, rammer og føringar knytt til drift av praksis vil også bli gjenstand for drøftingar mellom Helse Vest og aktuell søkjar før det vert gitt tilbod om avtaleheimelen.

Kontaktinformasjon

Torleiv Bergland, Rådgiver, 415 33 822

Arbeidsstad

Knud Holms gate 8
4005 Stavanger

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Vest RHF

Referansenr.: 4956205666
Stillingsprosent: 100%
Anna
Søknadsfrist: 06.05.2025