Seksjon S5, avdeling for spesialisert psykose, er ein lukka akuttpost med 12
behandlingsplassar, der 2 av sengene er intensivsenger. Vi er lokalisert i
Psykiatrisk klinikk, Sandviken. Seksjonen driv hovudsakleg med utgreiing og
behandling av pasientar med akutte psykosar og vi samarbeider med andre
instansar for å trygge utskriving til eigen bustad eller overføring til anna,
eigna behandlingstilbod. Gjennomsnittleg liggetid er 4 veker. Vi kan tilby
ein spennande og engasjerande arbeidsplass, kor vi legg særleg vekt på kvar
enkelt sin trivsel og faglege utvikling.
Vi har ledig 80% fast stilling med arbeid p.t kvar 3. helg med turnus på natt. Dersom ein ønsker det, kan 100% stilling bli vurdert
Spesialvernepleiar/vernepleiar som søker, vil også bli vurdert til stillinga
Søkarar må vere fylt 21 år.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåvene til sjukepleiar er å arbeide i team rundt kvar einskild pasient og saman utarbeide eit godt forløp for innlegging i akuttfasen
- Administrasjon av medisin og følge opp intervall-tilsyn, som er
ordinert av behandlar, samt utarbeide og følge opp miljøplanar saman med
pasienten
- Skriftleg og munnleg rapportering av, og sjukepleie til fysiske og
psykiske symptom hjå pasienten
- Sjukepleiar er ansvarshavande og
fordeler arbeidsoppgåvene til dei som er på vakt
Kvalifikasjonar
- Vi ønsker at du har stort engasjement og interesse for å jobbe med pasientgruppa
vår
- Norsk autorisasjon
- Du har vidareutdanning i psykisk helse og rus eller annan relevant vidareutdanning
- Søkar må meistre norsk svært godt, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Det blir lagt vekt på at du er personleg eigna til å arbeide med psykisk sjuke menneske
- Vi ønsker fleksible medarbeidarar, som har evne til å arbeide i team og som kan bidra til vårt gode arbeidsmiljø
- Du må vere ansvarbevisst og ha evne til å arbeide sjølvstendig
- Du må vere i stand til å ta imot rettleiing og følge avdelinga sine retningslinjer
Vi tilbyr
- S5 er ein spennande og lærerik arbeidsplass, der dei tilsette ser og oppmuntrar
kvarandre. Vi er kjend for vår høge, faglege kompetanse innan psykosebehandling
og for vårt gode og inkluderande arbeidsmiljø. Her lærer du mykje om psykose,
men også om deg sjølv. Dei fleste av våre tilsette har vidareutdanning innan rus
og psykiatri og personalgruppa er godt samansett av både kvinner og menn i forskjellig alder, bakgrunn og kultur. Dette gjer at vi har eit veldig godt
arbeidsmiljø, der tilsette blir verande lenge
- Alle får eit 2 dagars grunnkurs i MAP (Møte med aggresjon og valdsproblematikk)
- Tverrfagleg undervisning og trening i MAP kvar veke
- Alle tilsette har 1 til 2 dagar ut av turnus for kompetanseutvikling per år, i tillegg til andre kurs/seminar ein kan melde seg
på
- Moglegheit for å søke 2 årig deltid SEPREP-utdanning og 1 årig vidareutdanning i psykiatri og rusarbeid
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Liv Mala, Seksjonsleiar, 55958706
Arbeidsstad
Sandviksleitet 1
5036 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 4945379750
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.04.2025