Lignende stillinger
Er du bioingeniør med lyst på fagleg utvikling og ein fast jobb i heilt nye laboratorium? Mikrobiologi Hjelset søkjer no ein engasjert bioingeniør II innan infeksjonsimmunologi – 100 % fast stilling frå 1. september 2025!
Ved eventuell intern tilsetjing kan andre vikariat ved seksjonen bli ledige.
Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) er eit heilt nytt sjukehus som opna i april 2025. Avdeling for medisinsk mikrobiologi er organisert i to seksjonar – Ålesund og Hjelset – med til saman 51,5 stillingar, der 33 av desse er knytt til seksjonen på Hjelset.
Avdelinga har eit breitt analyserepertoar fordelt på fagområda infeksjonsimmunologi, genteknologi og bakteriologi med mykologi. Trass i at vi er ei mellomstor avdeling, tilbyr vi analyser og tenester utover standard repertoar. Vi er kjende for høg fagleg kompetanse og god service.
Vi yter tenester til alle dei fire sjukehusa i Møre og Romsdal og til primærhelsetenesta i fylket. Avdelinga har stort fokus på kvalitet, utvikling og forbetring. Vi er ein mangfaldig arbeidsplass med tilsette i ulike aldrar og med ulik bakgrunn – det bidreg til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.
Det meste av laboratorieutstyret vårt er heilt nytt. Mange av analysane innan infeksjonsimmunologi blir utførte i ein ny, moderne automasjonshall i tett samarbeid med medisinsk biokjemi.
For meir informasjon, sjå nettsida vår her.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Møre og Romsdal
Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Sunnmøre og Nordmøre og Romsdal.
Personleg eignaheit vil bli vektlagt ved tilsetjing.