Lignende stillinger
Vi søkjer ein dyktig og engasjert medarbeidar til ei spennande stilling i hjartet av digitaliseringsarbeidet. Som ein del av vårt team vil du vere med på å forme og utvikle Noregs politikk innan digitalisering, datadeling og KI.
Samfunnet er i rask endring, og både i perspektivmeldinga og digitaliseringsstrategien peikar regjeringa på utfordringane vi står overfor og behovet for omstilling. Digitalisering er eit sentralt verktøy for å møte samfunnet sitt krav samtidig som vi skal ivareta tilliten til offentlege tenester og sørgje for digital inkludering.
Du blir ein del av vår nye digitaliseringsavdeling, som har ansvar for å utvikle og samordne regjeringas IT-politikk. Vi arbeider mellom anna med å fremje ansvarleg datadeling som grunnlag for innovasjon og utvikling av kunstig intelligens. Ei betre utnytting av data er avgjerande for å bygge meir samanhengande offentlege tenester og for å realisere det grøne industriløftet. Hos oss vil du bli ein del av eit dynamisk og tverrfagleg arbeidsmiljø beståande av juristar, samfunnsvitarar og teknologar. Vi verdset høg fagleg kompetanse og evne til tverrfagleg samarbeid, og vi har ein kultur som kjenneteiknast av openheit, tillit og fagleg utvikling. Arbeidsmiljøet er hektisk, men også svært givande, med moglegheiter for personleg og profesjonell vekst. Vi legg stor vekt på samarbeid og å bygge relasjonar internt i departementsfellesskapet og med eksterne aktørar.
Regjeringa har nyleg lansert digitaliseringsstrategien «Framtidas digitale Noreg» med ambisjonen om å gjere Noreg til verdas mest digitaliserte land innan 2030. Hos oss vil du delta i arbeidet med å iverksetje og følgje opp denne strategien. Arbeidsoppgåvene dine vil omfatte å bidra til kunnskapsbygging og strategisk analyse innan digitalisering og kunstig intelligens, samt delta i arbeidet med å styrkje datadeling og datadriven innovasjon. Du vil samarbeide tett med næringslivet, forskingsmiljø og offentlege aktørar. I tillegg vil du bistå med taleskriving, reiseplanlegging og utforming av talepunkt for politisk leiing.
Nødvendige kvalifikasjonar
Ønskelige kvalifikasjonar
Personlige eigenskapar
Vi søkjer deg med gode samarbeidsevner og evne til å formidle komplekse samanhengar på ein forståeleg og enkel måte. Vi ser etter ein løysingsorientert og analytisk person med evne til nytenking, og som er god på tverrfagleg samarbeid og til å drive prosjekt framover. Fleksibilitet er viktig for å kunne balansere ulike omsyn og koordinere parallelle prosessar. I tillegg har du sterke kommunikasjonsferdigheiter og god rolleforståing.
Utdanning og erfaring må dokumenterast med CV, vitnemål og attestar.
Det vil bli lagt stor vekt på personleg eignaheit.
Vi tilbyr
Løn: Stilling blir lønt som tittel rådgivar/seniorrådgivar frå kr 650.000-900.000 (svarer til ltr 45-60). Lønnsplassering avheng av erfaring og kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan noko høgare løn vurderast.
Autorisasjon: Tilsette i Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet må kunna autoriserast for tilgang til informasjon BEGRENSET etter tryggingslova. Les meir om autorisasjon her.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løysa oppgåvene våre endå betre. Derfor ønskjer vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søkjar til å kryssa av i jobbsøkjarportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kallar vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Avkryssingane i jobbsøkjarportalen blir ikkje brukt til noko anna enn anonymisert statistikk som statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.
Søknad med CV blir send elektronisk via link på denne sida.
DFD samarbeider med Semac for bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar. Bakgrunnssjekken blir utført etter samtykke frå deg som søkjar, og innebærer at me verifiserer CV og annan søknadsdokumentasjon i samband med tilsetjinga.
Vi gjer merksam på at opplysninga om at du er søkjar kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, jf. offentleglova § 25. Du vil bli informert før offentleggjeringa og få moglegheit til å trekkja søknaden.
Kontaktperson: For nærare opplysningar om stillinga kontakt Catharina Nes, tlf: 941 58 007 eller e-post: [email protected]
Kontaktperson: For nærare opplysningar om rekrutteringa kontakt Sofie Swainsbury, tlf: 46 81 02 78 eller e-post: [email protected]